Helsetenesta - Børs eller helsekatedral?
Følgende er hentet fra ’Helse i sør”, informasjon fra Fylkeslegen i Vest-Agder, nr. 2/2001:
Her finst alt frå reklame for fluor-tablettar, bomullsbleier og papirbleier til opplysning om ammehjelp, kvinnemishandling, tryggingsprodukt for barn og yoga for gravide. – Ei forvirrande blanding av informasjon og reklame. Slik omtalte eit ungt foreldrepar sitt første møte med helsestasjonen.
For meir enn eit kvart hundreår sia mante helsedirektør Karl Evang til varsemd med utdeling av reklamemateriell på helsestasjonen: Det er viktig å verne om helsepersonellet si rolle som truverdige og objektive informatørar. Og har eitt firma først fått sleppe til, er det vanskeleg å seie nei til det neste. Ti år seinare følgte Torbjørn Mork opp forgjengaren sin, og gjekk så langt som å uttale at dersom helsestasjonen skulle bruke informasjonsmateriell frå andre instansar enn offentlige organ, burde det vere godkjent av Helsedirektoratet på førehand.
Mye har endra seg sia Evang og Mork sine dagar. I dagens liberalistiske og pluralistiske Noreg blomstrar mangfaldet, privatiseringsideologi, marknadstilpassing og sponsekultur. Marknadsleiande firma og konsern har utvikla ein imponerande kreativitet, både når det gjeld lett synlege og (ikkje minst) mindre openbare marknadsføringskanalar. Helsevesenet og helsepersonellet har ikkje hatt noen gjennomtenkt strategi for å møte dei utfordringane marknadssamfunnet reiser, og offentleg fattigdom med trange budsjettrammer kan ha svekka motstandskrafta.
Helsesektoren har for ofte vore lett bytte for ”snille” firma med fargerikt informasjonsmateriell, milde prøvepakningsgåver, rabattilbod og invitasjonar til ”faglege møte” av meir eller mindre seriøs karakter. Framståande helsepersonell har jamvel stilt tittel og posisjon til rådvelde for marknadsføringskampanjar for alt frå spesialpute til bleier og kulørt vaskemaskin.
Innleiingsvis er helsestasjonen brukt som eksempel, men helsetenesta som marknadsføringsarena er ei like aktuell problemstilling i andre delar av helse-Noreg. Kven har ikkje blitt møtt av Viagra-snikreklame eller produktinformasjon for antihistaminpreparat på eit legekontor? Og tilbod frå treningsstudio eller solarium er visstnok ikkje noe ukjent fenomen på fysikalske institutt.
--- friske opp sin yrkesetikk
Helsepersonell er avhengige av å bli oppfatta som fagleg truverdige. Mi utfordring til yrkesorganisasjonar og det enkelte helsepersonellet er å friske opp sin yrkesetikk, sine haldningar og sin kritiske sans i forhold til ulike marknadsføringstiltak. På sikt kan befolkninga sin grunnfesta tillit til helsetenesta som påliteleg og objektiv behandlar- og rådgivningsinstans stå i fare. Det kan vere verd å minne om at tilsette i offentleg helseteneste er underlagt habilitetskrava i Forvaltningsloven: Det må ikkje foreligge forhold ”- som er egnet til å svekke tilliten til hans upartiskhet-”.
Eg avsluttar med eit nytt sitat frå pappa Atle etter første besøket på helsestasjonen: Det er vanskeleg å sortere informasjonen, når du blir oppfordra både til å slutte å røyke og til å kjøpe Sabas bleieprodukt.
Referansekode: HTJ 2001-21
Stikkord: Reklame. Helsestasjoner. Hagestad Kristian.
Kristian Hagestad, fylkeslege i Vest-Agder, Serviceboks 506, 4605 Kristiansand. Tlf. 38 07 60 00. Fax. Nr. 38 07 60 03. e-post: postmottak@fl.va.stat.no


Følg oss på Facebook
Følg oss på Twitter