Asbest i branntomt - Kan det være farlig for omgivingane?
I sommar brant det ned eit hus i Hå kommune på Jæren som hadde asbestskifer på taket. Huset låg forholdsvis langt frå bebyggelse med unntak av eit nabohus som låg bare 4 - 5 meter i frå. Kan asbestfiber frå ei branntomt vera helseskadeleg for naboane, det var eit spørsmål som kommunelegen i Hå fekk. Kommunelegen skreiv ein oppsummerande sluttrapport som me trur kan væra av interesse også for andre kommunar som kan koma i den same situasjonen og som me gjengjer her.
Kommunelege Inger Skretting Opstad skriv:
”Huseigaren tok kontakt med administrasjonen 19.07.02 då ho var bekymra for asbestfare i samband med branntomta. Bygget som brant, hadde eternitt takplater, og huseigaren bur få meter frå branntoma som har lege open sidan brannen. Saman med fungerande kommunelege vart det avgjort at saka kunne venta frå fredag til måndag då kommunelege I kom tilbake frå ferie.
Kommunelegen i samarbeid med miljøhygieniker frå miljøhygienetenesta i Næringsmiddeltilsynet for Midt-Rogaland har tatt seg av saka, og har innehenta opplysningar frå Arbeidstilsynet, Westlab og Molab samt forsikringsselskapet.
Branntomta: Arbeidstilsynet opplyste at dei ville pålagt dekking av branntomta dersom det var ved ei arbeidsplass og dersom massen ikkje vart raskt fjerna. Vi fann det rimeleg å kreva det same ved eit bustadhus. Ved kontakt med forsikringsselskapet 22.07.02 vart det opplyst at oppryddinga ville starta neste dag. Vi såg difor ikkje grunn til å påleggja tildekking før dette m.a. då det hadde regna og var liten fare for at støv skulle fyka. Det viste seg at ryddinga begynte som opplyst 23.07.02, men at den ikkje ville verta fullført før 6 dagar seinare. Vi ba difor forsikringsselskapet om å sørgja for at restane vart dekka. Dersom det ikkje vart gjort, ville vi gjera eit formelt vedtak etter kommunehelsetenestelova.
Bustaden: Arbeidstilsynet og Westlab meinte det ikkje var hensiktsmessig å føreta måling av innelufta hos huseigaren, spesielt sidan ho ikkje har eit ventilasjonssystem som bles lufta rundt. Huseigaren opplyste at ho hadde fått anbefaling frå Molab om å få gjort måling. Ved kontakt med Molab var dei enige i at det ikkje var grunn til å måla lufta, men tilrådde oss å ta prøvar med teip frå flater 4 ulike stader i bustaden. Dette vart gjort av miljøhygienikar 23.07.02. Desse vart analysert 24.07.02 ved Molab, og viste ikkje asbestfibrar. Huseigaren blei informert 25.07.02 pr telefon og med kopi av svar. Forsikringsselskapet har også fått kopi av svaret.
Det som denne historia ikkje fortel om er kva som hadde skjedd og kva hadde me måtte gjera, viss det hadde blitt funne asbest sjå huseigaren. Men dette er ei anna historie som andre kanskje har erfaring frå.”
Referansekode: MHV 2002-10
Stikkord: Asbest. Næringsmiddeltilsynet for Midt-Rogaland. Opstad Inger Skretting.
Egil Erga, Næringsmiddeltilsynet for Midt-Rogaland. Forusbeen 3, 4033 Stavanger. Tlf. 51 81 68 50


Følg oss på Facebook
Følg oss på Twitter