shadow
Skriv ut artikkel

Avgift på usunn mat

24.11.2006 | Anders Smith

Red. innledning: Nedenstående artikkel er i sin helhet en gjengivelse av en artikkel i avisen ’Vårt Land’ den 16. november, skrevet av Johannes Morken. Artikkelen er et godt eksempel på én form for strategi i det helsefremmende og forebyggende arbeidet som er omtalt i første artikkel i dette nummeret av Helserådet, nemlig befolkningsrettede strukturelle tiltak.

Avgifter på usunn mat skal få folk til å ete sunnare. Det er rådet frå Verdas Helseorganisasjon (WHO). Regjeringa er open for å heve avgiftene.

I Istanbul denne veka vert det laga WHO-strategi for å slanke Europa. Mat med mykje sukker, feitt og salt må bli dyrare. Sunn mat må subsidierast. Dette må til for at folk skal velje det sunne framfor det usunne kosthaldet, er eitt av forslaga.

– Dette er noko vi vil vurdere i ein handlingsplan for betre kosthald. Den kjem over jul, seier statssekretær Wegard Harsvik i Helsedepartementet til Vårt Land. Han leier den norske delegasjonen i Istanbul.

– Vi veit at forbruket går ned når prisane går opp, seier Francesco Barka til Politiken.dk. Han er regional rådgjevar for ernærings- og mattryggleik i WHO.

I vårt heimlege statsbudsjett i haust vart kolsyreavgifta snudd frå å ramme Cola og Farris like mykje, til no å ramme sukkerinnhaldet. Harsvik seier regjeringa vurderer meir av dette.

– Det er ikkje berre enkelt å gjere avgifter treffsikre. Men tala vi får her nede, gjer inntrykk, seier Harsvik.

– Kombinasjonen av lett tilgang og låg pris gjer forbruket av usunne matvarer mykje høgare enn det burde vere, særleg blant barn, seier Barka.



Folkehelse


53 europeiske land er representerte i Istanbul. Det vert åtvara mot ein ny epidemi. Tala er sjokkerande: I heile etterkrigstida har levealderen i dei rike landa gått kraftig opp. Men på grunn av overvekt og lite fysisk aktivitet vil denne utviklinga no snu. Storbritannia vil om vel 40 år ha ein gjennomsnittleg levealder som er fem år lågare enn dagens dersom feitt, sukker og latskap får halde fram å undergrave folkehelsa.

– Den norske kurva peikar også den gale vegen, men ikkje like bratt som i somme andre land, seier Harsvik.

Det vert mellom anna slege fast at mangel på fysisk aktivitet utløyser kring 3,5 prosent av all sjukdom og opptil kvart tiande dødsfall i Europa.

Halvparten av alle vaksne i dei europeiske WHO-landa er overvektige. Kvart femte barn går rundt med for mykje feitt på kroppen.


Kampanjar


WHO etterlyser meir klare og meir restriktive reglar for reklame for mat og leskedrikker retta mot barn. Helseekspertane etterlyser også kampanjar for å opplyse oss om næring, mattryggleik og forbrukarrettar – og fysisk aktivitet.

I innlegget sitt i går henta Harsvik fram ei Oslo-undersøking frå 2004: Kvart femte barn var overvektig. I dei fattigaste bydelane var det dobbelt så mange overvektige barn som i dei best stilte bydelane.

– Vi må ha målretta tiltak som treff dei sosialt mest utsette gruppene, konstaterer Harsvik.

Medlemsstatane vert også utfordra til å sikre billeg eller fri tilgang til rekreasjon for familiar med låg inntekt og andre som treng dette.

Referansekode i Helserådet: MHV 2006 – 10

Del saken|

Helsebiblioteket.no | Ansv. redaktør: Prof. dr.med. Magne Nylenna | Om oss
Tlf.: 464 00 486 | E-post: redaksjonen@helsebiblioteket.no | Vilkår for bruk
Facebook-ikon Følg oss på Facebook  |  Twitter-ikon Følg oss på Twitter