Forside  

Forord

Vel data du ynskjer med i utskrifta
Tittel Versjon Status
IS-nr ISBN
Publiseringsdato
Utgjevar(e) Publikasjonstype
  • Norsk tittel - Nasjonal fagleg retningsline for utgreiing og behandling av bipolare lidingar
  • Engelsk tittel -
  • Versjon - 1
  • Status - Publisert
  • IS-nr - 1925
  • ISBN - 9788280812353
  • DOI -
  • Revisjonsdato -
  • Neste revisjon -
  • Publikasjonsdato - 12.12.2012
  • Utløpsdato -
  • Utgjevar(e) - Helsedirektoratet
  • Redaktør -
  • Publikasjonstype - Nasjonale retningslinjer

Bipolare lidingar debuterer som oftast i slutten av tenåra, og det kan ta lang tid frå dei første symptoma dukkar opp til rett diagnose blir stilt. Dette understrekar behovet for nøyaktig diagnostikk og rett behandling. Desse retningslinjene for bipolar liding er utvikla for å gi råd om korleis ein skal vurdere og handtere barn, unge, vaksne, eldre, gravide eller ammande og personar med psykisk utviklingshemming i alle fasar av lidinga. Retningslinjene er ein delrevisjon av Stemningslidelser – kliniske retningslinjer for utredning og behandling, gitt ut av Statens helsetilsyn i 2000.

Retningslinjer er systematisk utvikla tilrådingar som skal støtte dei avgjerslene fagpersonar tek om behandling eller tiltak med omsyn til ei definert problemstilling. Helsedirektoratet legg til grunn at alle nasjonale retningslinjer er utarbeidde med vekt på forskingsbasert kunnskap, tydeleg og tilgjengeleg dokumentasjon, brukarmedverknad og fokus på praksis.

Retningslinjer er fagleg normerande og rettleiande for val som skal fremje god kvalitet og likskap i tenesta. Retningslinjer skal vere til fagleg støtte for helsepersonell, pasientar, pårørande, sjukehuseigarar og leiing på politisk og administrativt nivå i helsetenesta. Dei gir uttrykk for kva som er god praksis når det gjeld helsehjelp, og skal bidra til at ny kunnskap blir omsett til praksis, slik at pasientar får effektiv behandling med låg risiko for biverknader.

Forsidefaksimile - retningsline for bipolare lidingarVed å følgje nasjonale faglege retningslinjer vil helsepersonell lettare oppfylle krav i lovverket om fagleg forsvarleg helsehjelp. Når Helsetilsynet tek stilling til om det er handla i samsvar med god praksis, tek det utgangspunkt i råd og tilrådingar som er lagde fram på ein systematisk, kunnskapsbasert måte, slik dei ligg føre i Nasjonale faglege retningslinjer.

Arbeidsgruppa som har utarbeidd retningslinja, er sett saman av sentrale fagpersonar, brukarar og aktørar på området. Helsedirektoratet takkar arbeidsgruppa for kyndig utført arbeid. Vi håpar at desse retningslinjene kan vere eit godt verktøy i det arbeidet helsepersonell og verksemder gjer for å sikre pasientar med bipolare lidingar behandling av god kvalitet.

 

Bjørn Guldvog

Konstituert helsedirektør

Oslo, november 2012