Forside   Innleiing  

1.10 Tvungen psykisk helsevern

Vel data du ynskjer med i utskrifta
Tittel Versjon Status
IS-nr ISBN
Publiseringsdato
Utgjevar(e) Publikasjonstype
  • Norsk tittel - Nasjonal fagleg retningsline for utgreiing og behandling av bipolare lidingar
  • Engelsk tittel -
  • Versjon - 1
  • Status - Publisert
  • IS-nr - 1925
  • ISBN - 9788280812353
  • DOI -
  • Revisjonsdato -
  • Neste revisjon -
  • Publikasjonsdato - 12.12.2012
  • Utløpsdato -
  • Utgjevar(e) - Helsedirektoratet
  • Redaktør -
  • Publikasjonstype - Nasjonale retningslinjer

Hovudregelen er at helsehjelp for både somatiske og psykiske lidingar byggjer på samtykke frå pasienten (pasient- og brukarrettslova (63) § 4-1).

Eit unntak frå dette er tvunge psykisk helsevern for personar med ”alvorlig sinnslidelse” (psykisk helsevernlova (64) § 3-3 første ledd nr. 3). Sjå også tilleggsvilkåra i § 3-3 første ledd nr. 3 bokstav a og b. Frivillig helsevern må anten vere prøvd eller ein vurderer det som klart nyttelaust å prøve (psykisk helsevernlova § 3-3 første ledd nr. 1). I tillegg er det eit krav at tvunge psykisk helsevern etter ein konkret og heilskapleg vurdering framstår som den klart beste løysinga for pasienten (psykisk helsevernlova § 3-3 første ledd nr. 6).

For at ei bipolar liding skal falle inn under lovas grunnvilkår om "alvorlig sinnslidelse" må den bipolare lidinga anten gi seg utslag i ein klar psykose, eller i ein svært uttalt avvikstilstand av ikkje-psykotisk karakter der funksjonssvikten er like stor som den ein ser ved psykose, jf. forarbeida til lova (65). Det avgjerande vil vere ei konkret, heilskapleg vurdering av pasienten sin funksjon og situasjon.

Tvunge psykisk helsevern vil altså kunne vere aktuelt når personen har mani eller depresjon med psykotiske symptom, eller ved eit funksjonsfall som tilsvarer det ein kan sjå ved psykose. Pasienten kan også oppfylle kriteriet når han eller ho er på veg inn i slike alvorlege episodar, men det må då gjerast ei konkret skjønnsvurdering på bakgrunn av pasienten si sjukehistorie og aktuelle tilstand. Vanlegvis blir tvangsinnlegging berre brukt ved akutte episodar.

Nokre pasientar har så alvorlege episodar, så stor tilbakefallsfare og så liten motivasjon for nødvendig behandling at tvunge psykisk helsevern utan døgnopphald vil kunne vere aktuelt, samt behandling med legemiddel utan eige samtykke. Vanlegvis blir tvangsbehandling gjennomførd med antipsykotiske middel, ettersom ein kan gi dei som depotinjeksjon. Det er derimot ikkje noko juridisk som hindrar at ein kan gjere vedtak om tvangsbehandling med andre medikament som er indiserte.

Pasient- og brukarrettslova gjeld også ved tvunge psykisk helsevern (psykisk helsevernlova § 1-5). På same måte som ved frivillig helsehjelp, skal også tvunge psykisk helsevern ta utgangspunkt i kva pasienten treng, respektere menneskeverdet til pasienten og så langt som mogleg verne om pasienten sin personlege integritet og rett til å rå over seg sjølv (psykisk helsevernlova § 1-1, § 3-9 og § 4-2). For å oppnå dette er det viktig at helsehjelpa blir utført slik at det alltid sikrar respekt for dei rettane og garantiane for rettstryggleik pasienten har, for eksempel retten til å få informasjon, til å uttale seg og medverke til helsehjelpa, og til å overprøve inngripande vedtak.

For barn og unge under 16 år vil foreldresamtykke vere hovudregelen for psykisk helsevern (psykisk helsevernlova § 2-1 og pasient- og brukarrettslova § 4-4). Med utgangspunkt i alder og mognadsgrad skal ein i aukande grad leggje vekt på meiningane til barnet. Frå 12 års alder skal barnet få seie meininga si i alle spørsmål om eiga helse. Samanlikna med vaksne, er barn og unge sin rett til helsehjelp styrkt i form av ein behandlingsgaranti (pasient- og brukarrettslova § 2-1, siste ledd). Dersom barnet er over 12 år og motset seg ei innlegging i det psykiske helsevernet, skal saka prøvast for kontrollkommisjonen (psykisk helsevernlova § 2-1).