Folkehelseprofilar 2017 er publiserte

Nye folkehelseprofilar for kommunar og bydelar er klare for nedlasting. I år inneheld profilane fire nye indikatorar. Tema er antibiotikaresistens og førebygging av infeksjonar.

Ein profil er utarbeidd for kvar av dei 426 kommunane i Noreg. I tillegg blir det samtidig publisert profilar for bydelane i Oslo, Stavanger, Bergen og Trondheim. Profilar for fylka kjem i mars.

(http://www.helsebiblioteket.no/samfunnsmedisin-og-folkehelse/folkehelseprofilar-2017-er-publiserte)