Fann fleire moglege teikn på omsorgssvikt (FHI)

Forskarane fann ein mogleg samanheng mellom omsorgssvikt, låg intelligens, forsinka språkutvikling, depresjon og tenåringssvangerskap. Ill.foto: Colourbox.
Folkehelseinstituttet har innhenta og vurdert forsking om teikn og signal på omsorgssvikt hos barn og unge. Kunnskapsoppsummeringa resulterte i ei systematisk oversikt som baserer seg på kartlegging av 31 andre systematiske oversikter med ei grundig oppsummering av 16 av dei. Oppsummeringa av denne kunnskapen er gjort på oppdrag frå Helsedirektoratet.
– Tilsette i barnehage og i grunn- og vidaregåande skole har eit unikt høve til å oppdage tidlige teikn på omsorgssvikt fordi dei ser barna og ungdommane dagleg over tid. Dei har også lovpålagt plikt til å melde frå når dei er bekymra, seier seniorrådgjevar Liv Merete Reinar ved Folkehelseinstituttet.
Forskarane ved Folkehelseinstituttet fann ein mogleg samanheng mellom omsorgssvikt og låg intelligens, forsinka språkutvikling hos barn, depresjon og tenåringssvangerskap.
– Dette er teikn som kan bli oppdaga eller gi grunn til bekymring hos personell i barnehage og skole, men å diagnostisere depresjon eller låg intelligens er noko andre instansar gjer, understreker Reinar. Barn med funksjonsnedsetting kan sjå ut til å vere meir utsatt for omsorgssvikt enn andre barn. Det er òg ein mogleg samanheng mellom ufrivillig avføring hos barn under tolv år og seksuelle overgrep. Eit anna funn var at gutar som sjølve var utsatt for seksuelle overgrep, oftare gjer tenåringsjenter gravide enn andre gutar.
Les meir: Fann fleire moglege teikn på omsorgssvikt (FHI)
Artikkelen har tidligere vært publisert i nyhetsbloggen PsykNytt.
Les mer om barn og ungdom, oppsummert forskning og traumer stress og overgrep, eller gå til siste nummer av PsykNytt.