Fleire jenter diagnostiserte med angstlidingar – andelen som får medisinar er stabil (FHI)
Talet på barn og unge som fekk ein angstdiagnose for første gang, auka frå 2010 til 2015, spesielt blant jenter. Andelen som vart behandla med medisinar var stabilt låg på om lag 1 av 6. Det viser ein studie frå Folkehelseinstituttet.

Mange ungdomar med angstproblem søker aldri hjelp. Ill.foto: Colourbox.
Angstlidingar er den vanlegaste gruppa psykiske lidingar blant barn og unge. Dei vanlegaste enkeltdiagnosane er spesifikke fobiar, sosial fobi og separasjonsangst. Tvangslidingar (OCD) og posttraumatisk stressliding (PTSD) blir også ofte rekna som angstlidingar, og liknar på andre angstlidingar både i symptom og behandling. Dagens kliniske retningslinjer tilrår hovudsakleg kognitiv åtferdsterapi som førsteval for behandling av angstlidingar, OCD og PTSD hos barn og unge. Medikamentell behandling skal tilbydast berre i dei tilfella der pasienten har så stor grad av funksjonssvikt at det hindrar deltaking i psykoterapi eller der psykoterapi ikkje har gitt resultat.
I 2010 fekk 2 av 1000 jenter i alderen 3-17 år ein angstdiagnose for første gang. I 2015 hadde andelen auka til 4 av 1000. I same periode auka andelen blant gutar frå 1,5 av 1000 til 2 av 1000 (figur 1).
Helga Ask er seniorforskar ved Folkehelseinstituttet. Ho fortel at auken i talet på diagnosar er størst blant ungdom. – Auken i angstdiagnosar blant jenter i ungdomsalderen kan ha fleire forklaringar, seier ho. – Vi veit at mange ungdommar med angstproblem aldri søker hjelp. Auken i diagnosar kan vere ei følgje av auka kunnskap om psykisk helse, eller lågare terskel for å oppsøke lege. Ei anna forklaring kan vere at fleire får angst. Endringa kan også spegle endringar i diagnostiseringspraksisen til legar og psykologer, fortel forskaren. I perioden 2010 til 2015 fekk totalt 19 154 barn og ungdommar (61 prosent jenter) førstegangs angstdiagnose i primærhelsetenesta, som regel hos fastlegen. I same periode fekk 17 115 barn og ungdommar (61 prosent jenter) førstegangs angstdiagnose i spesialisthelsetenesta. Studien som viser dette vart nyleg publisert i det vitskaplege tidsskriftet European Child & Adolescent Psychiatry. Målsettinga med studien var å undersøke tidstrendar i angstdiagnosar, lidingar som førekjem samtidig med angst, og medisinering av angstlidingar blant barn og unge i Noreg.
Artikkelen har tidligere vært publisert i nyhetsbloggen PsykNytt.
Les mer om angst, eller gå til siste nummer av PsykNytt.