Kan miljøgifter i mor ha samanheng med ADHD hos barnet? (FHI)

Dersom gravide har mykje av ein type plastmykgjerar (ftalat) i kroppen, aukar risiko for ADHD hos barnet. Det viser resultata i ein ny studie frå Folkehelseinstituttet.

gravid

Risikoen for ADHD hos barnet auka med aukande mengde DEHP hos mor. Ill.foto: Colourbox.

Det er ikkje klarlagt om plastmykgjeraren er ei direkte årsak til ADHD, eller om samanhengen kan ha andre forklaringar.

Forskarane målte mengda av ulike plastmykgjerarar (ftalat) i urinen hos i alt 850 gravide. Resultatet viser at høge nivå av ftalatet DEHP var forbunde med høgare risiko for ADHD hos barnet. Dei gravide blei delt i fem grupper etter mengde ftalat i urinen.

For DEHP fann forskarane at risikoen for ADHD auka med aukande mengde DEHP hos mor. I gruppa med mest DEHP var risikoen nesten tre gonger høgare enn i gruppa med minst DEHP. Det var ikkje funn for dei andre ftalata. Det var ingen forskjell på risikoen mellom gutar og jenter.

Les meir: Kan miljøgifter i mor ha samanheng med ADHD hos barnet? (FHI)

Artikkelen har tidligere vært publisert i nyhetsbloggen PsykNytt.

Les mer om adhd og barn og ungdom, eller gå til siste nummer av PsykNytt.

(https://www.helsebiblioteket.no/psykisk-helse/aktuelt/kan-miljogifter-i-mor-ha-samanheng-med-adhd-hos-barnet-fhi)