Sedix – ingen kjende biverknader? (Relis.no)

Produktinformasjon opplyser om at ingen biverknader er rapporterte for Sedix. Litteraturen nemner likevel fleire biverknader assosiert med bruk av liknande preparat som Sedix.

pasjonsblomst

Preparatet Sedix inneheld pasjonsblomst. Ill.foto: Colourbox.

 

Fleire meldingar om mistenkte biverknader er også registrert for Sedix i Noreg. Sedix, eit plantebasert legemiddel til tradisjonell bruk for å lindre milde symptom på uro eller for å lette innsovning, er relativt nytt på den norske marknaden. Sedix inneheld ekstrakt frå pasjonsblomst (Passiflora incarnata L). Ytterlegare eit produkt med ekstrakt frå pasjonsblomst, Pascoflair, marknadsførast i Noreg (1-3). Felleskatalogteksten til både Sedix og Pascoflair seier at det ikkje er rapportert biverknader for ekstrakt av pasjonsblomst, medan  teksten i preparatomtalen oppgjev at det er ingen kjende biverknader.  For interaksjonar er det også svært lite informasjon.

Kilde: Bakkebø T, Andreassen LM. Sedix – ingen kjende biverknader? Nor Farmaceut Tidsskr 2018; 126(4): 14.

Les meir: Sedix – ingen kjende biverknader?

Artikkelen har tidligere vært publisert i nyhetsbloggen PsykNytt.

Les mer om legemidler og søvnforstyrrelser, eller gå til siste nummer av PsykNytt.

(https://www.helsebiblioteket.no/psykisk-helse/aktuelt/sedix-ingen-kjende-biverknader-relis.no)