Sosial angst kan auke risikoen for alkoholmisbruk (FHI)

Personar med sosial angst har auka risiko for alkoholmisbruk. Det viser ein studie frå Folkehelseinstituttet. Mens sosial angst ofte startar i 14-årsalderen, startar alkoholproblem i 19-årsalderen.

Tenåringer som drikker alkohol

Alkoholmisbruk er vanlegare hos personar med sosial angst enn hos personar utan slik angst. Ill.foto: Colourbox.

 

Personar som har sosial angst, føler seg usikre i sosiale samanhengar og gruar seg ofte seg til daglegdagse situasjonar der dei skal møte ukjente menneske eller føler seg vurdert av andre. Nokre bruker alkohol for å dempe angsten.

– Med denne studien kan vi i større grad enn tidlegare slå fast at sosial angst er ei årsak til alkoholmisbruk, mens andre angstlidingar i liten grad er det, seier forskar Fartein Ask Torvik ved Folkehelseinstituttet.

Fleire studiar viser at alkoholmisbruk oftare førekjem hos personar med sosial angst enn hos personar utan slik angst. Men forskarane har vore usikre på kva som er samanhengen. Er det eigentleg noko spesielt med sosial angst, eller er det ein slags merkelapp for generelle angstproblem? Fører angst til alkoholmisbruk, eller er det omvendt – at alkoholmisbruk gir angst? Det kan også vere at sårbarheit i genetikk eller personlegdom fører til både sosial angst og alkoholmisbruk.

Les meir: Sosial angst kan auke risikoen for alkoholmisbruk (FHI)

Artikkelen har tidligere vært publisert i nyhetsbloggen PsykNytt.

Les mer om angst og rus og avhengighet, eller gå til siste nummer av PsykNytt.

(/psykisk-helse/aktuelt/sosial-angst-kan-auke-risikoen-for-alkoholmisbruk-fhi)