5.2 Psykologisk behandling

Vel data du ynskjer med i utskrifta
Tittel Versjon Status
IS-nr ISBN
Publiseringsdato
Utgjevar(e) Publikasjonstype
  • Norsk tittel - Nasjonal fagleg retningsline for utgreiing og behandling av bipolare lidingar
  • Engelsk tittel -
  • Versjon - 1
  • Status - Publisert
  • IS-nr - 1925
  • ISBN - 9788280812353
  • DOI -
  • Revisjonsdato -
  • Neste revisjon -
  • Publikasjonsdato - 12.12.2012
  • Utløpsdato -
  • Utgjevar(e) - Helsedirektoratet
  • Redaktør -
  • Publikasjonstype - Nasjonale retningslinjer

Familiefokusert terapi, kognitiv åtferdsterapi og interpersonleg og sosial rytmeterapi, gitt som tillegg til behandling med legemiddel, gav i ein studie raskare betring ved bipolar depresjon enn kontrollbehandlinga gjorde (185). Det er også vist at dei som får interpersonleg og sosial rytmeterapi mens dei er deprimerte, held seg friske lengre (197).

Det verkar rimeleg å konkludere med at psykologisk behandling kan vere gunstig ved bipolar depresjon. Sjå også omtale i avsnitt 4.8. Ved mildare depresjonar kan psykologisk behandling åleine ha effekt. Når det gjeld effekten av psykologisk behandling åleine ved moderate og alvorlege bipolare depresjonar, har vi foreløpig ikkje nok kunnskap om det. Ved bipolar depresjon bør ein vurdere å tilby psykologisk behandling til dei som ikkje ønskjer å bruke legemiddel.