Forside  

7. Behandling av hypomani

Vel data du ynskjer med i utskrifta
Tittel Versjon Status
IS-nr ISBN
Publiseringsdato
Utgjevar(e) Publikasjonstype
  • Norsk tittel - Nasjonal fagleg retningsline for utgreiing og behandling av bipolare lidingar
  • Engelsk tittel -
  • Versjon - 1
  • Status - Publisert
  • IS-nr - 1925
  • ISBN - 9788280812353
  • DOI -
  • Revisjonsdato -
  • Neste revisjon -
  • Publikasjonsdato - 12.12.2012
  • Utløpsdato -
  • Utgjevar(e) - Helsedirektoratet
  • Redaktør -
  • Publikasjonstype - Nasjonale retningslinjer

Det ligg i definisjonen av hypomani at symptoma er forholdsvis milde, og at funksjonsnivået ikkje er påverka i vesentleg grad. Hypomani hjå ein person med bipolar liding type I bør føre til snarleg behandling for å hindre at tilstanden endar opp som ein fullt utvikla mani. Ved bipolar liding type II er ikkje behandling like påtrengande nødvendig, ettersom slike hypomaniar ofte vil vere kortvarige og gå over av seg sjølv. Av og til kan også ein hypomani trekkje i langdrag. Det vil då vere sterk indikasjon for behandling. Det er publisert få randomiserte og kontrollerte studiar om behandling av hypomani. Tilrådingane våre byggjer derfor i hovudsak på funn frå andre pasientpopulasjonar og klinisk skjønn. Dei gjeld både barn, ungdom og vaksne.

Rettleia sjølvhjelp

Ved hypomani vil mange vere i stand til å medverke til eiga behandling. Ein bør prøve å motverke overaktivitet ved hjelp av planmessig og styrt aktivitetsnivå og hindre overstimulering gjennom å regulere den sosiale interaksjonen og bruken av telefon, Internett og massemedium. Det er svært viktig å regulere døgnrytmen. Personen bør også få råd om å halde seg borte frå alle rusmiddel.

Alle personar med bipolare lidingar bør ha tilgang til nødmedisin som dei sjølve eller ein pårørande kan administrere dersom stemningsleiet stig. Medisinen må sikre at pasienten søv godt. Sederande antipsykotiske middel som quetiapin og olanzapin er gode alternativ.

Psykologisk behandling

Oppstemde personar vil ofte ha tempoauke og tankeforstyrringar som gjer det umogleg å gjennomføre psykologisk behandling. Systematisk psykoterapi er ikkje utprøvd ved heva stemningsleie og er ikkje noko vi kan tilrå.

Behandling med legemiddel

Antidepressive middel bør ikkje brukast ved oppstemde episodar. Dersom det er indikasjon for å bruke legemiddel ved hypomani, skal førstevalet vere eitt av dei midla som har effekt ved mani, og som er omtalte i avsnitt 6.1. Det er gjennomført få kontrollerte studiar av medikament mot hypomani. Dei to placebokontrollerte studiane som finst, viser effekt av valproat og quetiapin (301;302). Ofte vil låge dosar vere nok til å kupere episoden, og kortvarig behandling kan vere nok for dei pasientane som ikkje treng vedlikehaldsbehandling for å hindre nye oppstemde episodar.

Enkelte pasientar har sovemedisin som dei sjølve administrerer. For mange vil god nattesøvn føre til at hypomanien går over etter kort tid. Antihistamin eller sederande antipsykotiske middel er gode val.