Forside  

6.1 Behandling med legemiddel

Vel data du ynskjer med i utskrifta
Tittel Versjon Status
IS-nr ISBN
Publiseringsdato
Utgjevar(e) Publikasjonstype
  • Norsk tittel - Nasjonal fagleg retningsline for utgreiing og behandling av bipolare lidingar
  • Engelsk tittel -
  • Versjon - 1
  • Status - Publisert
  • IS-nr - 1925
  • ISBN - 9788280812353
  • DOI -
  • Revisjonsdato -
  • Neste revisjon -
  • Publikasjonsdato - 12.12.2012
  • Utløpsdato -
  • Utgjevar(e) - Helsedirektoratet
  • Redaktør -
  • Publikasjonstype - Nasjonale retningslinjer

Mani og blanda episodar er alvorlege psykiatriske tilstandar som krev rask behandling for å fjerne symptom og normalisere funksjonsnivået. Medikament er hjørnesteinen i behandlinga av mani.

Medikament plar verke raskt og effektivt. Kliniske erfaringar tilseier at det er rimeleg å revurdere behandlinga dersom ein ikkje ser betring i løpet av ei vekes tid. Personar som ikkje har tilstrekkeleg effekt av eit antimanisk middel, får ofte kombinasjonsbehandling med fleire legemiddel (258). Dei best dokumenterte kombinasjonane er andregenerasjons antipsykotiske middel gitt i tillegg til litium eller valproat.

Litium

Ved akutt mani hjå vaksne er litium meir effektivt enn placebo og stort sett like bra eller betre enn preparat det har blitt samanlikna med. Litium er like effektivt som valproat (259) og karbamazepin (260–262) ved euforisk mani. Ved dysforisk mani og blanda episode er litium kanskje noko mindre effektivt enn valproat (259).

Enkelte studiar tyder på at litium er like effektivt som risperidon (263) og quetiapin (264) ved akutt mani hjå vaksne. Olanzapin kan vere meir effektivt enn litium (265). Hjå dei mest overaktive pasientane kan antipsykotiske middel vere å føretrekkje (266).

Andre medikament, for eksempel lamotrigin, gabapentin, topiramat, dei andre andregenerasjons antipsykotiske midla, zuklopentixol, haloperidol, klonazepam og verapamil, er berre samanlikna med litium i svært små og inkonklusive studiar hjå vaksne.

For barn og unge er det mangel på godt kontrollerte studiar og studiar som samanliknar effekten av litium og andre legemiddel. Den tilgjengelege dokumentasjonen tyder på at litium er meir effektivt enn placebo til akutt behandling av mani hjå barn og ungdom (267;268). Effekten er moderat (269) og lågare enn i studiar med antipsykotiske middel som olanzapin, risperidon, quetiapin og aripiprazol (85). Kombinasjonen av litium og valproat kan gi betre effekt enn monoterapi, men også plagsame biverknader (270). Kombinasjonen av litium og risperidon har vist betre effekt enn litium åleine ved mani og psykotiske symptom (271).

Antipsykotiske middel

Alle antipsykotiske middel som er undersøkte ved akutt mani og blanda episode, har vist betre effekt enn placebo. Den antimaniske effekten ser slik sett ut til å vere ein gruppeeffekt. Ingen studiar har til no vist at noko enkelt preparat er betre enn andre. Samanlikningar har ikkje vist vesentlege forskjellar mellom første- og andregenerasjons antipsykotika (272;273) når det gjeld effekt, men i enkelte studiar er andregenerasjons antipsykotika betre tolerert (160).

Antipsykotiske middel er minst like effektive som valproat (274–277). Ein studie fann ingen effekt av å kombinere olanzapin med karbamazepin (278).

Antipsykotiske middel som er undersøkte ved akutt mani og blanda episode hjå barn og ungdom, viser betre effekt enn placebo. Det er ingen haldepunkt for å seie at det er nokon forskjell i effekt mellom første- og andregenerasjons antipsykotika. Ein randomisert studie viste betre effekt av risperidon enn av valproat (279). Det er forskjellar i biverknader, noko ein må ta omsyn til når ein skal velje kva som er rett medikament (280). Vektauke er eit større problem hjå barn og ungdom enn hjå vaksne.

Antikonvulsive middel

Valproat har god dokumentasjon for effekt ved akutt mani og blanda episode (281). Dokumentasjonen for karbamazepin er svakare. Det er gjennomført to placebokontrollerte studiar som har vist moderat effekt. I dei andre studiane (282;283) har ein samanlikna effekten av karbamazepin med litium, men det manglar placebogruppe.

Lamotrigin er undersøkt i ein liten, tvitydig studie ved akutt mani (284). Det er ikkje vist at gabapentin (285) eller topiramat (286) har betre effekt enn placebo ved akutt mani eller blanda episode.

Valproat som einaste middel har ikkje nokon sikker effekt på mani eller blanda episode hjå barn og ungdom (287), og ein studie fann dårlegare effekt av valproat enn av risperidon (279). Kombinasjonen av valproat og quetiapin (288) eller risperidon (289) har betre effekt enn valproat åleine. Det er heller ikkje vist nokon effekt av karbamazepin eller oxcarbamazepin. Lamotrigin er berre undersøkt i nokre små, opne studiar, og det er ikkje mogleg å trekkje sikre konklusjonar rundt dette (290).

Andre legemiddel

Verapamil (291;292) og klonazepam (293) er undersøkte i små og inkonklusive litium-kontrollerte studiar ved akutt mani. Allopurinol har gitt lovande resultat i to forholdsvis store placebokontrollerte studiar (294;295).

Antidepressive middel

Mange personar får føreskrive antidepressive middel i forløpet av mani eller blanda episode (296;297), eller i vedlikehaldsbehandlinga etter ein slik episode (298). Antidepressive middel er forbunde med auka risiko for å utvikle mani og blanda episode hjå undergrupper av personar med bipolare lidingar (211). Både barn, ungdom og vaksne som bruker antidepressive middel, bør avslutte denne behandlinga dersom dei utviklar mani eller blanda episode.