6.2 Miljøtiltak

Vel data du ynskjer med i utskrifta
Tittel Versjon Status
IS-nr ISBN
Publiseringsdato
Utgjevar(e) Publikasjonstype
  • Norsk tittel - Nasjonal fagleg retningsline for utgreiing og behandling av bipolare lidingar
  • Engelsk tittel -
  • Versjon - 1
  • Status - Publisert
  • IS-nr - 1925
  • ISBN - 9788280812353
  • DOI -
  • Revisjonsdato -
  • Neste revisjon -
  • Publikasjonsdato - 12.12.2012
  • Utløpsdato -
  • Utgjevar(e) - Helsedirektoratet
  • Redaktør -
  • Publikasjonstype - Nasjonale retningslinjer

Klinisk erfaring tilseier at skjerming og tett oppfølging er svært effektive tiltak ved akutt mani og andre tilstandar prega av uro og uberekneleg åtferd. Vi viser til avsnitt 9.1.1 for meir informasjon om dette. Her må det understrekast at skjerming bør planleggjast og gjennomførast i nært samarbeid med pasienten så langt det er mogleg. På døgnavdelingar fører ofte god skjerming til at pasienten raskt blir betre, og det lèt seg også gjere å skjerme polikliniske pasientar i samarbeid med primærhelsetenesta. Det finst ikkje noko vitskapleg evidens for skjerming og liknande tiltak (299), men arbeidsgruppa vurderer det slik at effekten er så uomtvisteleg at ein må tilrå tiltaka uansett.