Forside  

Diagnostiske kriterium (Grøn bok)

Vel data du ynskjer med i utskrifta
Tittel Versjon Status
IS-nr ISBN
Publiseringsdato
Utgjevar(e) Publikasjonstype
  • Norsk tittel - Nasjonal fagleg retningsline for utgreiing og behandling av bipolare lidingar
  • Engelsk tittel -
  • Versjon - 1
  • Status - Publisert
  • IS-nr - 1925
  • ISBN - 9788280812353
  • DOI -
  • Revisjonsdato -
  • Neste revisjon -
  • Publikasjonsdato - 12.12.2012
  • Utløpsdato -
  • Utgjevar(e) - Helsedirektoratet
  • Redaktør -
  • Publikasjonstype - Nasjonale retningslinjer

Diagnosiske kriterium for depressiv episode, hypomani, mani, blanda episode og syklotymi etter ICD-10 Diagnostic criteria for research (”grøn bok”).

Depressiv episode

A         Dei generelle kriteria for ein depressiv episode må vere oppfylte:

            G1       Den depressive episoden må vare i minst to veker.

             G3       Vanlegaste eksklusjonsgrunnar. Episoden skuldast ikkje bruk av psykoaktive stoff (F10-19) eller                              ei organisk psykisk liding (F00.09).      

B         Minst to av desse tre symptoma må vere til stades:

  1. senka stemningsleie i ein grad som avgjort er unormalt for individet, til stades mesteparten av dagen             nesten kvar dag, som ikkje let seg påverke stort av omstenda og som varer minst to veker
  2. tap av interesse eller glede ved aktivitetar som vanlegvis gir glede
  3. mindre energi eller oppleving av å bli fortare trøytt.

C         Eit eller fleire symptom frå denne lista må vere tilstades. (For ein mild depressiv episode må det samla talet     symptom vere minst fire, for ein moderat depressiv episode må det vere minst seks symptom, for ein alvorleg depressiv episode er kravet mist åtte symptom.)

  1. tap av sjølvtillit
  2. urimeleg klandring av seg sjølv eller overdriven og upassande skuldkjensle
  3. tilbakevendande tankar om død eller sjølvmord eller sjølvmordsåtferd
  4. subjektiv eller observerbart nedsett evne til å tenkje eller konsentrere seg, så som vanskar med å   treffe avgjerd
  5. psykomotorisk agitasjon eller retardasjon (subjektiv eller observert)
  6. søvnforstyrring
  7. endra matlyst (auka eller minka) med tilhøyrande vektendring.

Eit femte teikn kan nyttast for å spesifisere at somatisk syndrom er til stades eller ikkje. For å oppfylle kriteria for eit somatisk syndrom, må minst fire av desse symptoma vere til stades:

  1. uttalt tap av interesse eller glede ved aktivitetar som vanlegvis gir glede
  2. tap av kjenslereaksjonar på hendingar eller aktivitetar som vanlegvis framkallar kjensler
  3. oppvakning om morgonen minst to timar før vanleg tid
  4. depresjonen er verst om morgonen
  5. observert og uttalt psykomotorisk retardasjon eller agitasjon (påpeika av andre)
  6. uttalt tap av matlyst
  7. vekttap (minst 5% av kroppsvekta siste månad)
  8. uttalt tap av seksuell interesse

Hypomani

A         Stemningsleiet er heva eller irritabelt i ein grad som definitivt er unormalt for personen sjølv og varer i minst fire dagar.

B         Minst tre av dei følgjande teikna er til stades og fører til noko forstyrra funksjon i dagleglivet:

  1. auka aktivitet eller fysisk rastløyse
  2. meir pratsam
  3. distraksjon eller konsentrasjonsvanskar
  4. mindre trong for søvn
  5. auka seksuell energi
  6. mildt overforbruk av pengar eller andre former for uvøren eller uansvarleg åtferd
  7. auka selskapeleg eller overfamiliær åtferd

C         Episoden oppfyller ikkje kriteria for mani, depressiv episode, syklotymi eller anorexia nervosa.

D         Vanlegaste eksklusjonskritierium. Episoden skuldast ikkje psykoaktive substansar (F10-F19) eller ei organisk psykisk liding (F00-F09).

Mani

A         Stemningsleiet må vere overvegande heva, ekspansivt eller irritabelt i ein grad som definitivt er unormalt for personen sjølv.  Endringa i stemningsleie må vere uttalt og vare i minst ei veke (med mindre det er så alvorleg at det krev innlegging i sjukehus).

B         Minst tre av dei følgjande teikna er til stades (fire dersom stemningsleiet berre er irritabelt) og fører til alvorleg forstyrra funksjon i dagleglivet:

  1. auka aktivitet eller fysisk rastløyse
  2. meir pratsam (”talepress”)
  3. tankeflukt eller oppleving av at tankane rasar av garde
  4. tap av vanlege sosiale hemmingar som fører til upassande åtfed
  5. mindre trong for søvn
  6. auka sjølvtillit eller stordomstankar, auka seksuell energi
  7. distraksjon eller stendige endringar i aktivitetar eller planar
  8. dumdristig eller uvøren åtferd som ein ikkje ser farene med, t. d. ødsling, tåpelege forretningar,  omsynslaus køyring
  9. utprega auke i seksuell energi eller uklok seksuell aktivitet

D         Vanlegaste eksklusjonskritierium. Episoden skuldast ikkje psykoaktive substansar (F10-F19) eller ei organisk psykisk liding (F00-F09).

Blanda episode

A         Episoden er kjenneteikna av enten ei blanding eller snøgge omskifte (dvs. i løpet av nokre få timar) av hypomane, maniske og depressive symptom.

B         Både maniske og depressive symptom må vere utprega det meste av tida i ein periode på minst to veker.

Syklotymi

A         Det må ha vore ein periode på minst to år med ustabilt stemningsleie med fleire depressive og hypomane periodar med eller utan periodar med normalt stemningsleie imellom.

B         Ingen utslag av depresjon eller hypomani i ein slik toårsperiode må vere så alvorleg eller langvarig at kriteria for mani eller ein depressiv episode (moderat eller alvorleg) er oppfylte. Maniske eller depressive episodar kan likevel ha oppstått før eller utvikle seg etter ein slik periode med ustabilt stemningsleie.

C         Minst tre av dei følgjande er til stades i løpet av i alle fall nokre av dei depressive periodane:

  1. redusert energi eller aktivitet
  2. søvnløyse
  3. tap av sjølvtillit eller kjensle av ikkje å strekke til
  4. konsentrasjonsvanskar
  5. sosial tilbaketrekking
  6. tap av interesse eller glede av sex eller andre lystbetonte aktivitetar
  7. mindre pratsam
  8. pessimisme for framtida eller sturing over fortida

D         Minst tre av dei følgjande er til stades i løpet av i alle fall nokre av periodane med heva stemningsleie:

  1. auka energi eller aktivitet
  2. mindre trong for søvn
  3. auka sjølvtillit
  4. skjerpa eller uvanleg kreativ tenking
  5. meir selskapeleg
  6. meir pratsemd eller vidd
  7. auka interesse og engasjement i seksuelle og andre lystbetonte aktivitetar
  8. overoptimisme eller overdriving av tidlegare bragder