4.1 Generelle behandlingsprinsipp

Vel data du ynskjer med i utskrifta
Tittel Versjon Status
IS-nr ISBN
Publiseringsdato
Utgjevar(e) Publikasjonstype
  • Norsk tittel - Nasjonal fagleg retningsline for utgreiing og behandling av bipolare lidingar
  • Engelsk tittel -
  • Versjon - 1
  • Status - Publisert
  • IS-nr - 1925
  • ISBN - 9788280812353
  • DOI -
  • Revisjonsdato -
  • Neste revisjon -
  • Publikasjonsdato - 12.12.2012
  • Utløpsdato -
  • Utgjevar(e) - Helsedirektoratet
  • Redaktør -
  • Publikasjonstype - Nasjonale retningslinjer

Helsepersonell skal vise respekt og lytte til pasienten og dei pårørande. Det er viktig å gjere pasientane trygge nok til at dei kan kome med det som ligg dei på hjarta, få fortalt om eigne erfaringar og kjenne seg trygg på at det blir teke omsyn til desse. Det same gjeld for dei pårørande, som ofte har god kjennskap til pasienten si liding og kan ha ein heilt sentral rolle i behandlinga. Pårørande kan i enkelte tilfelle sjølv ha behov for helsehjelp, og helsepersonell bør då hjelpe dei ved å gi dei eit passande tilbod.

Behandlinga må byggje på samarbeid mellom pasienten, helsepersonell og pårørande – så framt pasienten samtykkjer til dette. Ein god terapeutisk allianse ligg til grunn for all vellukka behandling. Pasienten må kjenne seg trygg og respektert. Behandlaren bør informere om teieplikta og dei unntaka som gjeld, f.eks. med omsyn til opplysningsplikt til barnevernet og Fylkesmannen i førarkortsaker. Tenestetilbodet bør sikre kontinuitet i forholdet mellom pasienten og behandlaren.

Mange tiltak kan vere nyttige ved bipolare lidingar. Når ein skal velje tiltak, er det viktig å ta omsyn til kva personen sjølv ønskjer (pasient- og brukarrettslova (63) § 3-1). Pasienten har rett til å medverke i valet mellom tilgjengelege og forsvarlege behandlingsmetodar. Måten pasienten medverkar på skal vere tilpassa evna vedkomande har til å gi og ta imot informasjon. Det kan vere nødvendig med ei særleg tilpassing av tilboda for personar som har kognitiv svikt. Ein må leggje vekt på resultatet av tidlegare innsats og ikkje avgrense tilboda til intervensjonar retta mot symptoma og lidinga. Ein bør også vere open for å stille opp med det pasienten ønskjer hjelp til, og samarbeide med andre instansar når det er nødvendig.

Ein bør alltid tilby hjelp for å lindre symptom, forkorte episodar og betre forløpet av den bipolare lidinga. Slik behandling vil som oftast vere medikamentell. Det kan vere like viktig med tiltak som kan hjelpe personen til å kome seg i aktivitet, betre den sosiale funksjonen, auke eiga meistring og betre livskvaliteten. Pasientar som ikkje ønskjer å bruke legemiddel, bør bli møtt med forståing og respekt for dette valet. På same måte som alle andre pasientar bør dei få eit tilbod som er lagt til rette for dei, og som dei kan akseptere.

Alle pasientar, og pårørande når pasienten samtykkjer til det, bør få tilbod om systematisk informasjon om bipolare lidingar, slik dette er skildra i avsnitt Informasjon til pasient og pårørande.

I samsvar med prinsippa for tilfriskning (recovery) (137), er det viktig at også personar med ei bipolar liding blir oppmuntra i sin eigen meistringsprosess. Slik kan dei utvikle ei meiningsfull oppleving av å høyre til og ein positiv identitet uavhengig av diagnosen, mens dei finn plassen sin i samfunnet trass dei vanskane som følgjer av lidinga. Dette inneber rett til sosial kontakt, god bustad og eit meiningsfullt liv. Haldningane som personar med bipolare lidingar blir møtt med, må byggje på dette.