4.6 Legemiddelfri behandling

Vel data du ynskjer med i utskrifta
Tittel Versjon Status
IS-nr ISBN
Publiseringsdato
Utgjevar(e) Publikasjonstype
  • Norsk tittel - Nasjonal fagleg retningsline for utgreiing og behandling av bipolare lidingar
  • Engelsk tittel -
  • Versjon - 1
  • Status - Publisert
  • IS-nr - 1925
  • ISBN - 9788280812353
  • DOI -
  • Revisjonsdato -
  • Neste revisjon -
  • Publikasjonsdato - 12.12.2012
  • Utløpsdato -
  • Utgjevar(e) - Helsedirektoratet
  • Redaktør -
  • Publikasjonstype - Nasjonale retningslinjer

Enkelte menneske med bipolare lidingar ønskjer ikkje å bruke medikament. Dette valet kan skuldast biverknader av medikament, for lite informasjon om medikamenta eller andre forhold. Ei slik avgjersle skal respekterast av helsepersonellet. Samtidig bør pasienten orienterast om at ein kan drøfte spørsmålet om medikamentell behandling seinare, dersom det skulle bli aktuelt. Menneske som vel å ikkje ta medikament, bør få tilbod om psykologisk behandling og eventuelt andre aktuelle psykososiale tiltak. Sjå unntak frå denne hovudregelen om samtykke til behandling under avsnitt 1.10 om tvunge psykisk helsevern.

Kap. 4.8 i retningslinjene presenterer tilrådde former for psykologisk behandling ved bipolare lidingar. Det er ikkje dokumentert at slik behandling har effekt åleine, sidan dei fleste studiane har medikamentell behandling som inklusjonskriterium. Det er likevel rimeleg å tru at pasientar kan ha god nytte av slik behandling, mellom anna med tanke på å oppdage varselsymptom tidleg. Ein vesentleg del av psykoedukasjon ved bipolare lidingar er å informere om medikamentgrupper og preparat, verknader og biverknader. Denne informasjonen kan gjere pasienten betre i stand til å velje om han eller ho vil bruke medikament eller ikkje. Ein bør gjennomføre behandlinga i stemningsstabile fasar. I akutte fasar bør pasientar få tilbod om samtalar og tett oppfølging av støttande karakter. Relasjonen mellom pasienten og terapeuten er svært viktig, og dette krev at terapeuten respekterer dei vala pasienten gjer og ønska han eller ho har med omsyn til eiga behandling.