4.10 Samtidige lidingar

Vel data du ynskjer med i utskrifta
Tittel Versjon Status
IS-nr ISBN
Publiseringsdato
Utgjevar(e) Publikasjonstype
  • Norsk tittel - Nasjonal fagleg retningsline for utgreiing og behandling av bipolare lidingar
  • Engelsk tittel -
  • Versjon - 1
  • Status - Publisert
  • IS-nr - 1925
  • ISBN - 9788280812353
  • DOI -
  • Revisjonsdato -
  • Neste revisjon -
  • Publikasjonsdato - 12.12.2012
  • Utløpsdato -
  • Utgjevar(e) - Helsedirektoratet
  • Redaktør -
  • Publikasjonstype - Nasjonale retningslinjer

Angstlidingar

Mange personar med bipolare lidingar oppfyller også diagnosekriteria for angstlidingar. Sosial angst og panikkliding, med eller utan agorafobi, er vanlegast. Noko mindre hyppig er tvangsliding og generalisert angstliding. Enkelte pasientar har slike plager berre når dei er i depressive episodar, og i slike tilfelle plar angstplagene bli borte når depresjonen er over, og ein kan då avgrense seg til iherdig behandling av depresjonen.

Andre personar har angstlidingar uavhengig av stemningsleie, og det er då indikasjon for å tilby behandling også for angstlidinga (200). Både psykologiske og farmakologiske behandlingar kan brukast. Dei fleste angstlidingar kan behandlast med antidepressive middel, men ein må då ta omsyn til at antidepressiv kan utløyse hypomani, mani eller blanda episode hjå ei undergruppe av pasientar med bipolar liding type I.

Rusmiddelproblem

I løpet av livet vil mange personar med bipolare lidingar utvikle misbruk eller avhengnad av rusmiddel. Dette vil forverre prognosen, gjere behandlinga meir komplisert og auke faren for sjølvmord. Det er derfor avgjerande at rusmiddelproblemet blir diagnostisert, og at det blir sett i verk passande tiltak i tråd med Nasjonal faglig retningslinje for utredning, behandling og oppfølging av personer med samtidig rus- og psykisk lidelse – ROP-lidelser (201).

Spørsmål om rusmiddelbruk høyrer med til vanleg journalopptak. Spørsmåla bør vere enkle og konkrete, men ikkje moraliserande eller konfronterande. For å diagnostisere rusmiddelproblem kan ein også bruke hjelpemiddel som rus-modulen i MINI internasjonalt nevropsykiatrisk intervju (202) eller i Kiddie-SADS (96) eller sjølvrapporteringsskjema som AUDIT og DUDIT (203).

Rusmiddelproblemet og den bipolare lidinga bør behandlast på same tid og av same instans. Integrert behandling kan sjå ut til å gi betre effekt enn parallelle eller sekvensielle behandlingsforløp, men ein manglar større kontrollerte studiar som kan dokumentere dette. Pasienten bør få både psykologisk behandling og legemiddel (204). I ein liten og ukontrollert studie førte integrert behandling til at rusmiddelproblemet opphøyrte hjå heile 60 % av personar med både bipolar liding type I og rusmiddelproblem (205). Ein annan liten randomisert og kontrollert studie har vist at integrert gruppeterapi, der både rusmiddelproblemet og den bipolare lidinga blei behandla, gav betre resultat enn behandling av rusmiddelproblemet åleine (206). Ein annan studie igjen har vist at vedlikehaldsbehandling med valproat i tillegg til litium og psykososial behandling reduserte alkoholkonsumet hjå alkoholavhengige personar med bipolare lidingar, uavhengig av effektar på stemningsleiet og forløpet av den bipolare lidinga (207). Det er lite evidens for andre legemiddel.

Hyperkinetiske lidingar (ADHD)

Symptoma på hyperkinetiske lidingar og bipolare lidingar er overlappande, og differensialdiagnosen kan vere svært vanskeleg. Ved begge lidingane er det vanleg med auka psykomotorisk tempo, høgt aktivitetsnivå og nedsett merksemd og konsentrasjon. Dersom plagene er periodiske, trekk det i retning av bipolar liding. Visse symptom, som eufori og hyperseksualitet, trekk i same retning.

Det hender at personar oppfyller diagnostiske kriterium for begge lidingane. Dei bør då få tilbod om behandling av begge. Legemiddel som blir brukt mot hyperkinetiske lidingar, kan som oftast kombinerast med legemiddel mot bipolare lidingar utan større problem (208;209). Det kan her vere ei utfordring å klare å skape tilstrekkeleg struktur og system på tiltaka.