4.2 Skule og yrkesretta tiltak

Vel data du ynskjer med i utskrifta
Tittel Versjon Status
IS-nr ISBN
Publiseringsdato
Utgjevar(e) Publikasjonstype
  • Norsk tittel - Nasjonal fagleg retningsline for utgreiing og behandling av bipolare lidingar
  • Engelsk tittel -
  • Versjon - 1
  • Status - Publisert
  • IS-nr - 1925
  • ISBN - 9788280812353
  • DOI -
  • Revisjonsdato -
  • Neste revisjon -
  • Publikasjonsdato - 12.12.2012
  • Utløpsdato -
  • Utgjevar(e) - Helsedirektoratet
  • Redaktør -
  • Publikasjonstype - Nasjonale retningslinjer

Skule og arbeid er viktig med omsyn til sosial identitet og for å oppleve tilhøyr og meining. Det gir dagen struktur og innhald, betrar den sosiale kontakten og er ofte forbunde med kjensle av kompetanse, meistring og eigenverd.

Folk kan sjeldan vere i skule og arbeid under alvorlege depressive, maniske og blanda episodar. Bipolare lidingar har lange periodar med få eller ingen symptom, og dei fleste vil då kunne fungere normalt i skule og arbeid. Langvarige, ofte mildare, depressive periodar kan likevel vere til hinder for god skule- og yrkesfunksjon (138).

Skuleretta tiltak

Ein bør arbeide for å leggje skuledagen og arbeidsoppgåvene til rette for barn og unge med bipolare lidingar. Når barn og unge har problem med å fungere på skulen, er samarbeidet med foreldre, lærarar, skulehelse- og PP-tenesta viktig. Når det ligg føre mistanke om kroniske skulevanskar, bør ein greie desse nærmare ut og ta omsyn til funna i ein individuell opplæringsplan. Barn og unge som ikkje har tilfredsstillande utbytte av den ordinære grunnskuleopplæringa, har etter opplæringslova (139) § 5-1 rett til spesialundervisning. Når lærar, skulehelsetenesta og PP-tenesta er samarbeidspartar, bør dei også vere med på å utarbeide den individuelle planen.

Arbeidsretta tiltak

Personar med bipolare lidingar vil ofte trenge samordna tilbod frå helse- og sosialtenesta og arbeids- og velferdsforvaltninga for å kunne utnytte arbeidsevna si. Det er derfor viktig å byggje bru mellom helsetenesta og resten av hjelpeapparatet, slik at ein kan tilby behandling samtidig med arbeidsretta tiltak. Det er viktig at vaksne som har ein god arbeidsarena, greier å vere heilt eller delvis i arbeid. Ein dårleg arbeidsarena vil derimot kunne føre til stress og ei negativ utvikling av lidinga.

Ein bør arbeide for å leggje arbeidstida og arbeidsoppgåvene til rette, slik at personar med bipolare lidingar kan stå i arbeid. God tilrettelegging av arbeidstilhøva bidreg til at personen både kan vere i arbeid og kome raskare tilbake etter sjukmelding. Forsking og praktiske erfaringar tilseier at det blir vanskelegare å kome tilbake i arbeid dess lengre tid det tek før ein får oppfølging. Derfor er det svært viktig å hjelpe til tidleg i ein sjukmeldingsperiode eller aller helst før dei psykiske vanskane fører til sjukmelding.

Bedriftshelsetenesta kan vere ein viktig instans i slike tilfelle og bør koplast inn før det blir aktuelt med sjukmelding. Bedriftshelsetenesta kan vere ei viktig støtte for å auke kunnskapen om den psykiske lidinga, og for å skape eit samarbeidsklima mellom arbeidstakaren og arbeidsgivaren som er ope og prega av toleranse.

Dersom sjukmelding er nødvendig, bør ein ta i bruk gradert sjukmelding. Dette kan vere eit godt verkemiddel for å unngå at arbeidstakaren fell heilt ut av arbeidslivet. Ein bør åtvare mot natt- og skiftarbeid, ettersom det kan auke sjansen for nye episodar.

Internasjonal forsking viser at dei fleste med psykiske lidingar ønskjer å delta i det ordinære arbeidslivet framfor i verna verksemder (140–144). Personar i langvarige arbeidstreningsprogram som gradvis blir førde inn i arbeidsmarknaden, har større problem med å få og halde på ein jobb. Det er viktig at den psykisk sjuke oppfattar arbeid som ein verdi i seg sjølv, og det beste er at vedkomande identifiserer seg som arbeidstakar og ikkje som sjuk.

Det er viktig å seinke terskelen til arbeidslivet for menneske med psykiske lidingar. NAV har utvikla spesielle tiltak for folk med psykiske helseproblem. Desse tiltaka gir moglegheit til å få individuell oppfølging over tid med tanke på å kome i arbeid eller bli verande i arbeid trass helseproblema. Opplysningar om tilboda finst på www.nav.no under fanene helse/arbeid og psykisk helse.

”Individual Placement and Support” (IPS) er det mest effektive tiltaket for personar med psykiske lidingar som ønskjer å få ordinært arbeid (145). IPS er eit integrert tiltak med parallell behandling og arbeidstrening som er utvikla og godt utprøvd i USA. I Noreg er det Individuell jobbstøtte (Individual Placement and Support, IPS) som viser best effekt for personar med psykiske lidingar (146–148). Arbeidstakaren får individuell rettleiing og oppfølging av ein tilretteleggjar. Ein tilretteleggjar i individuell jobbstøtte (IPS) fungerer ofte som ein koordinator mellom brukaren og hjelpeinstansane. Når ein skal forklare kvifor slike program jamt over er meir vellukka, viser ein til at tilknytinga til arbeidsplassen aukar i takt med betringa til den yrkeshemma, at behandling og arbeid går hand i hand, og at pasienten får den nødvendige støtta og oppfølginga. Tiltaka er meir effektive dess tidlegare i forløpet dei blir sette inn. Tidleg intervensjon aukar sannsynet for at ein unngår lange periodar der pasienten er arbeidsudyktig (142).

Schafft (149) peikar på at praktiske forhold i dagleglivet kan vere avgjerande for å fungere i arbeid. Det gjeld mellom anna tilfredsstillande bustad, normal døgnrytme, kosthald og at ein kjem seg til og frå arbeid. Det er særleg viktig å ha ein ordna økonomi.

NAV bør vere med på å lage den individuelle planen i saker der NAV er ein samarbeidspart. Arbeidsgivar bør også vere med når personen sjølv ønskjer det. NAV bør også delta i ansvarsgrupper når det er hensiktsmessig.

Trass god behandling og tilrettelegging vil mange som har bipolare lidingar falle ut av arbeidslivet. For desse vil strukturert aktivitet likevel vere eit gode som kan gi dei betre livskvalitet og funksjonsnivå. NAV styrer over mange tilbod som kan vere til hjelp i så måte. Mange kommunar og bydelar har aktivitetssenter eller andre tilbod som rettar seg inn mot denne gruppa som treng eit sosialt fellesskap og ønskjer å delta i aktivitetstilbod.