Forside   Innleiing  

1.2 Definisjonar

Vel data du ynskjer med i utskrifta
Tittel Versjon Status
IS-nr ISBN
Publiseringsdato
Utgjevar(e) Publikasjonstype
  • Norsk tittel - Nasjonal fagleg retningsline for utgreiing og behandling av bipolare lidingar
  • Engelsk tittel -
  • Versjon - 1
  • Status - Publisert
  • IS-nr - 1925
  • ISBN - 9788280812353
  • DOI -
  • Revisjonsdato -
  • Neste revisjon -
  • Publikasjonsdato - 12.12.2012
  • Utløpsdato -
  • Utgjevar(e) - Helsedirektoratet
  • Redaktør -
  • Publikasjonstype - Nasjonale retningslinjer

Desse retningslinjene nyttar WHOs internasjonale diagnostiske klassifiseringssystem, ICD 10 (4;5) når det gjeld definisjonen av bipolar liding type I og II. Lidingar som blir klassifiserte under F30 Manisk episode, blir omtalte når det verkar å vere naturleg. Den norske utgåva av ICD-10 inneheld kliniske skildringar. Når det gjeld kriteriebasert diagnostikk, viser retningslinjene til forskingskriteria i ICD-10, som ikkje finst i offisiell norsk omsetjing, men som her er omsette til norsk av arbeidsgruppa i vedlegg A. Arbeidsgruppa viser også til den amerikanske psykiaterforeininga si klassifisering av psykiske lidingar, DSM-IV (6), ettersom desse er mest brukt i forsking.

Bipolart spektrum er eit omgrep som blir brukt om lidingar med episodiske endringar i stemningsleie som ligg nært opp til ICD-10-definisjonane av bipolare lidingar. Det er internasjonal ueinigheit om klassifikasjonen av slike lidingar, og dei er derfor berre summarisk omtalte i vedlegg B til desse retningslinjene.

Vi brukar ikkje omgrepa stemningsstabiliserande legemiddel eller stemningsstabilisator, for desse orda blir ofte brukt på motstridande vis. Vi brukar i staden omgrepa antidepressive, antikonvulsive og antipsykotiske middel.