Forside   Innleiing  

1.5 Førekomst og kostnader

Vel data du ynskjer med i utskrifta
Tittel Versjon Status
IS-nr ISBN
Publiseringsdato
Utgjevar(e) Publikasjonstype
  • Norsk tittel - Nasjonal fagleg retningsline for utgreiing og behandling av bipolare lidingar
  • Engelsk tittel -
  • Versjon - 1
  • Status - Publisert
  • IS-nr - 1925
  • ISBN - 9788280812353
  • DOI -
  • Revisjonsdato -
  • Neste revisjon -
  • Publikasjonsdato - 12.12.2012
  • Utløpsdato -
  • Utgjevar(e) - Helsedirektoratet
  • Redaktør -
  • Publikasjonstype - Nasjonale retningslinjer

Førekomsten av bipolar liding type I er undersøkt i to norske studiar (48). Livstidsførekomsten var omlag 1 %. Dei fleste ekspertar trur bipolar liding type II er vanlegare enn type I. Epidemiologiske studiar gjev usikre funn avhengig av kor ein set den diagnostiske terskelen (49), men det er vanleg å rekne med livstidsførekomst på omlag 2% (50). Det er ikkje vesentlege kjønnsskilnader når det gjeld førekomst av bipolare lidingar. Bipolare lidingar er forbunde med stor funksjonssvikt og låg sjølvrapportert livskvalitet (51), særleg i depressive episodar (52). I USA har ein funne at om lag 20% av personar med bipolare lidingar hadde debut før 13 år (53). Norske studiar har funne at mellom 30 og 60 % debuterer før dei er 19 år gamle (8;9).

Bipolare lidingar fører ofte til store personlege kostnader. Bipolare lidingar får også store økonomiske konsekvensar for samfunnet. Ein studie i regi av Verdsbanken og WHO kom fram til at bipolare lidingar var mellom dei tretti viktigaste årsakene til tapte uførleiksjusterte leveår på verdsbasis i 1990  (54).