Forside   Innleiing  

1.4 Forløp og prognose

Vel data du ynskjer med i utskrifta
Tittel Versjon Status
IS-nr ISBN
Publiseringsdato
Utgjevar(e) Publikasjonstype
  • Norsk tittel - Nasjonal fagleg retningsline for utgreiing og behandling av bipolare lidingar
  • Engelsk tittel -
  • Versjon - 1
  • Status - Publisert
  • IS-nr - 1925
  • ISBN - 9788280812353
  • DOI -
  • Revisjonsdato -
  • Neste revisjon -
  • Publikasjonsdato - 12.12.2012
  • Utløpsdato -
  • Utgjevar(e) - Helsedirektoratet
  • Redaktør -
  • Publikasjonstype - Nasjonale retningslinjer

Forløpet til bipolare lidingar varierer i stor grad. Mange kan vere velfungerande, kreative og leve godt med lidinga si, mens andre blir alvorleg sjuke med stort funksjonstap og blir lagd inn på institusjon mange gonger. Rett behandling vil betre forløpet for mange pasientar.

Vanlegvis oppstår lidinga i ung alder, ofte seint i tenåra (7-9), men ho kan også bryte ut før tenåra eller i vaksen alder. Ein studie av pasientar med mani som blei innlagde for første gong, viste at nesten halvparten fekk tilbake full funksjonsevne i løpet av 2 til 4 år, mens resten hadde varige symptom eller hadde utvikla éin eller fleire nye episodar. Maniske episodar begynner ofte brått (i løpet av nokre dagar eller veker) og kan vare frå to veker til fleire månader. Om lag halvparten av pasientane får varselsymptom før ein ny episode begynner (10). Dei depressive episodane varer vanlegvis om lag fire månader, sjeldan over eitt år. Eldre kan ha meir langvarige depresjonar.

Få personar med bipolare lidingar søkjer lege i startfasen. Når det gjeld hypomani, er det nesten ingen som gjer det. Dei som søkjer behandling på eiga hand, lir ofte av alvorlegare og langvarige depresjonar. Ved mani kjem ein ofte til behandling på initiativ frå andre, av og til utan at ein sjølv ønskjer det.
Det kan ta lang tid frå dei første symptoma dukkar opp til rett diagnose er stilt (11). Bipolare lidingar er langvarige lidingar eller tilbakefallslidingar. Det ser ut til at avstanden mellom episodane kan bli kortare dess lengre lidinga har vart. Oppfølgingsstudiar viser at det er vanleg med symptom mellom episodane, at pasientane har symptom om lag halvparten av tida, og at det for det meste dreier seg om depresjonssymptom (12). I høgare alder aukar delen av depressive symptom både ved bipolar liding type I og II. Depresjon er vanlegare og meir langvarig ved bipolar liding type II enn type I (13).
Både maniske, hypomane og depressive episodar aukar faren for nye episodar i framtida. Dess kraftigare ein manisk episode er, dess større sjanse er det for eit komplisert forløp. Personar med bipolar liding type I har ofte fleire problem og større funksjonssvikt enn personar med bipolar liding type II.
Under dei maniske episodane kan pasienten skape alvorlege problem for seg sjølv ved å engasjere seg i lite gjennomtenkte sosiale relasjonar, opptre ukritisk på arbeidsplassen, oppføre seg omsynslaust i trafikken, bruke rusmiddel ukontrollert eller bruke pengar ukritisk. Mange personar med bipolare lidingar er i utgangspunktet velfungerande og har gode interpersonlege relasjonar. Men både episodane i seg sjølve og funksjonssvikten som ofte utviklar seg med tida, kan føre til varige interpersonlege vanskar.
Bipolare lidingar gir risiko for sjølvmordsåtferd. Om lag éin av tre personar med bipolar liding gjer minst eitt sjølvmordsforsøk (14). Risikoen er om lag 15 gonger høgare enn hjå folk flest (15). Risikofaktorar for sjølvmord er tidlegare sjølvmordsforsøk, håpløyse, alvorsgraden til episoden, tidleg debut, innlegging på sjukehus på grunn av depresjon, sjølvmord i slekta, blanda episodar, hyppige episodar, samtidig angstliding eller rusmiddelproblem og det å bu åleine (16). Sjølvmordsåtferd er vanlegast i depressive eller blanda episodar, der pasienten samtidig har symptom på depresjon og mani (17).
Ved bipolare lidingar er det påvist endringar i biologiske rytmar, hormonregulering, og i autonome og immunologiske system. Bipolare lidingar er forbundne med hyppigare førekomst av migrene, diabetes mellitus type II, metabolsk syndrom og hjartekarsjukdomar. Det er også noko auka mortalitet på grunn av somatiske lidingar og ulukker (18). Personar med bipolare lidingar har auka førekomst av alkoholmisbruk og -avhengnad (19). Kombinasjonen av alvorlege rusmiddelproblem og bipolar liding aukar risikoen for valdskriminalitet (20). Personar med bipolare lidingar kan ha redusert kognitiv funksjon, men vanlegvis ikkje uttalt (21-24).
Studiar kan tyde på at under halvparten av dei som har fått diagnostisert bipolare lidingar, godtek langvarig medikamentell behandling (25;26). Dette har samanheng med at mange er ueinige i at dei har ei bipolar liding. Men andre faktorar verkar òg inn, mellom anna biverknader av medikament, manglande identifisering av symptom, stordomstankar, psykotiske symptom, samtidig rusmiddelproblem og negative haldningar til medikamentell behandling hjå pasienten og dei pårørande (27-29). Mange pasientar seier også at medikamentell behandling med for eksempel litium gjer dei mindre kreative (30).
Godt samarbeid med behandlande lege gir betre prognose ved mani (31;32). God medverknad til medikamentell behandling gir betre langtidsprognose (33). Dårleg medverknad til behandling med legemiddel aukar behovet for innlegging (34). Stressande livshendingar kan auke faren for nye episodar (35). Fleire studiar viser at det er samband mellom det emosjonelle klimaet i familien og tilbakefall (mellom anna Miklowitz 2007) (36). Eksperiment har vist at søvnmangel kan føre til mani, i alle fall hjå enkelte pasientar (37).
Prognosen blir påverka av samtidlige lidingar. Angstlidingar aukar sannsynet for langvarige symptom, særleg alvorlegare depressive symptom (38). Angstlidingar kan også føre til dårlegare respons på legemiddel (39). Samtidige rusmiddelproblem gir dårlegare prognose ved at dei forlengjar og forverrar symptoma (40) mens det aukar behovet for innlegging (41). Bruk av cannabis aukar lengda på maniske episodar (42), aukar faren for hyppigare episodar, episodefrekvens (43) og aukar sannsynet for maniske symptom (44). Personlegdomsforstyrringar forlengjar rekonvalesensen etter akutt mani (45). Personlegdomstrekk frå gruppe A etter DSM-IV (mistru, isolasjon, psykosenære trekk) er særleg forbundne med dårleg prognose (46). Ved bipolare lidingar som begynner i ung alder, vil omfattande samtidige lidingar ofte vare ved fram til vaksen alder (47).