Forside   Innleiing  

1.12 Køyreevne og helsekrav

Vel data du ynskjer med i utskrifta
Tittel Versjon Status
IS-nr ISBN
Publiseringsdato
Utgjevar(e) Publikasjonstype
  • Norsk tittel - Nasjonal fagleg retningsline for utgreiing og behandling av bipolare lidingar
  • Engelsk tittel -
  • Versjon - 1
  • Status - Publisert
  • IS-nr - 1925
  • ISBN - 9788280812353
  • DOI -
  • Revisjonsdato -
  • Neste revisjon -
  • Publikasjonsdato - 12.12.2012
  • Utløpsdato -
  • Utgjevar(e) - Helsedirektoratet
  • Redaktør -
  • Publikasjonstype - Nasjonale retningslinjer

Trygg køyring krev at sjåføren kan vurdere trafikken godt og reagere rett på endringar. Vedkomande skal ikkje ha nedsett dømmekraft eller merksemd. Rettleiar for legar (IS-1437) (69) og for fylkesmennene ved handsaming av førarkortsaker (IS-1348) (70) og anna materiale om køyreevne og helsekrav kan ein laste ned frå Helsedirektoratet si heimeside.

Helsekrava i føresegnene

Det blir stilt krav til syn, høyrsel, helse og rørsleevne for å kunne ha førarkort for motorkøyretøy. Forskrift om førerkort m.m. av 19. januar 2004 (71), vedlegg 1 § 2 nr. 4, jf. §§ 3 og 4, gjeld psykiske lidingar og formulerer krava slik: "Det må ikke være alvorlig psykisk lidelse, vesentlig mental retardasjon eller personlighetsavvik som medfører nedsatt dømmekraft, impulskontroll eller atferdsforstyrrelser som kan være farlige i trafikken."

Ved bipolare lidingar kan auka impulsivitet, personlegdomsendring, nedsett dømmekraft og redusert kognitiv funksjon verke inn på køyreevna. Dette gjeld også legemiddel- og rusmiddelbruk.

Meldeplikt, attest og dispensasjon

Legar, psykologar og optikarar (ved synsproblem) har plikt til å sende melding til Fylkesmannen når helsekrava i føresegnene ikkje er oppfylte, det vil seie at pasienten sin helsetilstand er slik at køyreevna kan vere redusert, jf. meldeplikta i lov om helsepersonell (60) § 34. Ved opplysningar om (gjennomgått) alvorleg psykisk liding, og om episodisk liding, krev ein attest frå behandlande lege eller spesialist (psykiater eller psykolog). Attesten bør innehalde ei vurdering av evna som motorvognførar. Dersom lidinga fører til at eitt av helsekrava ikkje blir vurdert som oppfylt, kan ein berre køyre dersom Fylkesmannen gir dispensasjon.

For meir informasjon om helsekrav, meldeplikt, attest og dispensasjon, sjå rettleiaren Førerkort: Regler og veiledning for utfylling av helseattest for førerkort (69).