Forside   Innleiing  

1.1 Målgruppe og målsetting

Vel data du ynskjer med i utskrifta
Tittel Versjon Status
IS-nr ISBN
Publiseringsdato
Utgjevar(e) Publikasjonstype
  • Norsk tittel - Nasjonal fagleg retningsline for utgreiing og behandling av bipolare lidingar
  • Engelsk tittel -
  • Versjon - 1
  • Status - Publisert
  • IS-nr - 1925
  • ISBN - 9788280812353
  • DOI -
  • Revisjonsdato -
  • Neste revisjon -
  • Publikasjonsdato - 12.12.2012
  • Utløpsdato -
  • Utgjevar(e) - Helsedirektoratet
  • Redaktør -
  • Publikasjonstype - Nasjonale retningslinjer

Desse retningslinene er retta mot helsepersonell som behandlar barn, ungdom og vaksne med bipolare lidingar og syklotymi i kommune- og spesialisthelsetenesta.

Retningslinene skal hjelpe til å standardisere diagnostikk og behandling og forbetre kvaliteten i helsetenestene for personar med bipolare lidingar. Målet er god utnytting av  kunnskapen som ligg føre. God kvalitet i tenestene inneber, i følgje Nasjonal strategi for kvalitetsforbedring i helsetjenesten (2005-2015) (1), at tenestene har effekt, er trygge og sikre, involverer brukarane og gjev dei mynde, utnyttar ressursane godt, er samordna og prega av kontinuitet, er tilgjengelege og rettvist fordelte.

Dette dokumentet kjem saman med Nasjonale retningslinjer for utredning og behandling av depresjon (2), i staden for Statens helsetilsyn sine retningsliner for utgreiing og behandling av stemningslidingar (3).