Forside   Innleiing  

1.7 Rettsleg stilling til rettningslinjene

Vel data du ynskjer med i utskrifta
Tittel Versjon Status
IS-nr ISBN
Publiseringsdato
Utgjevar(e) Publikasjonstype
  • Norsk tittel - Nasjonal fagleg retningsline for utgreiing og behandling av bipolare lidingar
  • Engelsk tittel -
  • Versjon - 1
  • Status - Publisert
  • IS-nr - 1925
  • ISBN - 9788280812353
  • DOI -
  • Revisjonsdato -
  • Neste revisjon -
  • Publikasjonsdato - 12.12.2012
  • Utløpsdato -
  • Utgjevar(e) - Helsedirektoratet
  • Redaktør -
  • Publikasjonstype - Nasjonale retningslinjer

Helsepersonellova (60), spesialisthelsetenestelova (61) og helse- og omsorgstenestelova (62) pålegg helsepersonell og verksemder å yte fagleg forsvarleg helsehjelp.

Nasjonale retningslinjer skal, som fagleg normerande, langt på veg styre dei vala helsepersonell tek. Ved å følgje nasjonale retningslinjer vil fagpersonell lettare oppfylle kravet i lovverket om fagleg forsvarleg helsehjelp. Når Helsetilsynet tek stilling til om det er handla i samsvar med god praksis, tek det utgangspunkt i yrkesgruppa si eiga fagforståing. Denne kjem til uttrykk mellom anna i nasjonale retningslinjer. Tilrådingane i retningslinjene må likevel alltid tilpassast lokale og individuelle forhold.

Når det står ”skal” i retningslinjene, tyder det at noko er lov- eller regelfesta, eller så klart fagleg forankra at det sjeldan vil vere forsvarleg å ikkje gjere slik det er tilrådd. Elles er tilrådingane i retningslinjene ikkje juridisk bindande. Men dersom ein vel å ikkje følgje dei, bør ein oppgi grunnen til det i pasientjournalen.