Forside  

9. Opphald i døgnavdeling

Vel data du ynskjer med i utskrifta
Tittel Versjon Status
IS-nr ISBN
Publiseringsdato
Utgjevar(e) Publikasjonstype
  • Norsk tittel - Nasjonal fagleg retningsline for utgreiing og behandling av bipolare lidingar
  • Engelsk tittel -
  • Versjon - 1
  • Status - Publisert
  • IS-nr - 1925
  • ISBN - 9788280812353
  • DOI -
  • Revisjonsdato -
  • Neste revisjon -
  • Publikasjonsdato - 12.12.2012
  • Utløpsdato -
  • Utgjevar(e) - Helsedirektoratet
  • Redaktør -
  • Publikasjonstype - Nasjonale retningslinjer

Personar med bipolare lidingar vil som oftast greie seg med polikliniske spesialisthelsetenester. Innlegging er mest aktuelt ved mani og alvorleg depresjon. Maniske personar treng ofte struktur og faste rammer for å unngå at dei oppfører seg ukritisk eller farleg. Ved psykotiske symptom og aggresjon vil det som oftast vere rett å leggje inn pasienten. I alvorlege depressive episodar kan innlegging vere nødvendig for å ta vare på personen i suicidale eller psykotiske periodar og når vedkomande på grunn av lidinga ikkje er i stand til å ta vare på seg sjølv.

Personar med bipolare lidingar kan ha stor nytte av brukarstyrte opphald på døgnavdelingar. Brukarstyrte opphald er vanlegvis forankra i ein individuell plan eller kriseplan og inneber at personen sjølv tek initiativ til å bli lagd inn og blir teken imot straks og utan tilvising. Brukarstyrte opphald fremjar frivillige løysingar og sjølvbestemming, og alle DPS bør tilby avtalar om brukarstyrte opphald for personar som treng det.

Når ein pasient er så sjuk at tilstanden fell inn under omgrepet alvorleg sinnsliding, kan det vere heimel for å leggje inn vedkomande utan eige samtykke. Rettsreglane står i psykisk helsevernlova kapittel 3 og er nærmare omtalte i avsnitt Tvunge psykisk helsevern i desse retningslinjene.