9.2 Ved utskriving

Vel data du ynskjer med i utskrifta
Tittel Versjon Status
IS-nr ISBN
Publiseringsdato
Utgjevar(e) Publikasjonstype
  • Norsk tittel - Nasjonal fagleg retningsline for utgreiing og behandling av bipolare lidingar
  • Engelsk tittel -
  • Versjon - 1
  • Status - Publisert
  • IS-nr - 1925
  • ISBN - 9788280812353
  • DOI -
  • Revisjonsdato -
  • Neste revisjon -
  • Publikasjonsdato - 12.12.2012
  • Utløpsdato -
  • Utgjevar(e) - Helsedirektoratet
  • Redaktør -
  • Publikasjonstype - Nasjonale retningslinjer

Utskrivinga bør vere planlagd i god tid, og pårørande og samarbeidspartnarar bør vere orienterte. For enkelte pasientar kan utskriving vere ein stor overgang – frå orden og struktur i døgnavdelinga til heimeforhold prega av lengre tids funksjonssvikt. Ein bør sikre at pasienten kjem heim til ordna forhold. Dette kan omfatte praktisk hjelp med å få bustaden eller økonomien i orden, eller hjelp til å kome i dialog med arbeidsgivar.

Når det er mange som samarbeider, bør ein halde samarbeidsmøte før utskriving. Dermed kan ein fordele arbeidsoppgåvene og gjere det klart kven som skal ta over ansvaret etter at pasienten er utskriven. Ein må vere merksam på at sjølvmordsfaren er særleg stor dei første vekene etter utskriving og leggje til rette for at pasienten og pårørande lett kan kome i kontakt med hjelpeapparatet dersom det skulle oppstå problem.

Før pasienten forlèt avdelinga, bør han eller ho få vite kven som skal stå for den vidare oppfølginga. Det er ein fordel at pasienten har møtt den som skal følgje han eller ho vidare før vedkomande forlèt avdelinga. Pasienten må også få vite kvar han eller ho skal vende seg dersom han eller ho treng snarleg hjelp i tida etter utskriving. Dette bør vere ein del av den individuelle planen for pasientar som har ein slik plan. Ein bør vurdere tilbod i dagavdeling eller i regi av ambulante team for pasientar som treng meir støtte enn det ein vanleg poliklinikk kan tilby.

Mange pasientar blir skrivne ut med kompliserte medikamentkombinasjonar. Studiar tyder på at det kan vere vanskeleg for førstelinjetenesta å forenkle behandlinga med legemiddel på eiga hand. Det gjer ofte at pasientar held fram med å ta medikament som burde vore seponerte. Dette gjeld både antipsykotiske middel og, meir alvorleg, bensodiazepin og andre middel med tilvenningsfare. Når pasienten blir skriven ut, bør spesialisthelsetenesta presisere korleis den vidare behandlinga med legemiddel skal vere, og gi klare råd om korleis pasienten kan trappe ned eller avslutte bruken av medikament som ikkje skal brukast fast.

Sjå elles Helsedirektoratet sitt rundskriv Vedrørende utskrivning av pasienter fra døgnopphold i det psykiske helsevern IS-17/2004 (336).