Forside  

2 Prinsipp for god praksis

Vel data du ynskjer med i utskrifta
Tittel Versjon Status
IS-nr ISBN
Publiseringsdato
Utgjevar(e) Publikasjonstype
  • Norsk tittel - Nasjonal fagleg retningsline for utgreiing og behandling av bipolare lidingar
  • Engelsk tittel -
  • Versjon - 1
  • Status - Publisert
  • IS-nr - 1925
  • ISBN - 9788280812353
  • DOI -
  • Revisjonsdato -
  • Neste revisjon -
  • Publikasjonsdato - 12.12.2012
  • Utløpsdato -
  • Utgjevar(e) - Helsedirektoratet
  • Redaktør -
  • Publikasjonstype - Nasjonale retningslinjer
Tilrådingar Grad
Tenestene må leggje til rette for at personar med bipolare lidingar kan medverke til behandling av si eiga liding og bruke sine eigne ressursar for å meistre livet A
Ein skal bruke ein individuell plan når vilkåra for dette i lova er oppfylte og pasienten samtykkjer til det A
Personen skal ha den informasjonen som er nødvendig for å få innsikt i helsetilstanden og innhaldet i helsehjelpa A
Helsepersonell skal ha eit barne- og pårørandeperspektiv i kartleggingsrutinane sine. A
Vanskar med å fungere som forelder er eit legitimt symtom ved psykiske lidingar, og også barna til den sjuke skal følgjast opp i tråd med lovkrava. A

Pasientar skal kjenne seg respekterte og ivaretekne i møtet med helsetenesta. Deira eigne ønske skal ha stor vekt, og dei har rett til å medverke i si eiga behandling. Ein skal bruke metodar som sikrar at deira eigne erfaringar blir henta inn. Det står meir om samarbeidet i kapittel 4, Generelle behandlingsprinsipp.

Menneske med bipolare lidingar og deira pårørande opplever ofte episodane med mani og depresjon som svært belastande. Lidinga er ofte forbunde med alvorlege personlege vanskar, sosiale problem og vanskar i yrkeslivet. Dei fleste treng eit tilbod om individualisert og langvarig behandling for å meistre ei bipolar liding. Men sjølv om bipolare lidingar fører til både personlege og samfunnsmessige kostnader, er det likevel mange pasientar og pårørande som finn det vanskeleg å akseptere at stemningssvingingar er symptom på ei liding som ein treng behandling for. Særleg gjeld dette personar med hypomane og lettare maniske episodar. Mange har positive opplevingar av for eksempel hypomane episodar og føler at dei er meir kreative enn andre. Enkelte opplever stemningssvingingane som ein viktig del av personlegdomen. Mange vel derfor bort medikasjon og anna behandling. Ein del bruker alternative behandlingsformer.

Helsepersonell som skal utøve eit praktisk omsorgsarbeid, møter faglege, etiske og haldningsmessige utfordringar. Godt psykisk helsearbeid føreset ei nyansert og heilskapleg forståing av lidingsomgrepet (72). Helsepersonell som oppnår gode resultat, blir gjerne skildra som varme, omtenksame, fulle av forståing, aktive og erfarne. Dei er også kompetente i dei metodane dei bruker, og dei tek ikkje berre utgangspunkt i den bipolare lidinga, men også i ressursane og dei sterke sidene personen har.