2.4 Barn som pårørande

Vel data du ynskjer med i utskrifta
Tittel Versjon Status
IS-nr ISBN
Publiseringsdato
Utgjevar(e) Publikasjonstype
  • Norsk tittel - Nasjonal fagleg retningsline for utgreiing og behandling av bipolare lidingar
  • Engelsk tittel -
  • Versjon - 1
  • Status - Publisert
  • IS-nr - 1925
  • ISBN - 9788280812353
  • DOI -
  • Revisjonsdato -
  • Neste revisjon -
  • Publikasjonsdato - 12.12.2012
  • Utløpsdato -
  • Utgjevar(e) - Helsedirektoratet
  • Redaktør -
  • Publikasjonstype - Nasjonale retningslinjer

Barn av foreldre med psykiske lidingar er ei særleg sårbar gruppe. Foreldre som er i ein vanskeleg situasjon, kan trenge hjelp til å ta vare på barna. Helsepersonellova (60) § 10a pålegg helsepersonell å bidra til å dekkje behovet for informasjon og nødvendig oppfølging som barn av ein pasient med ei psykisk liding kan ha som følgje av tilstanden til forelderen. Helsepersonellova § 25 tredje ledd opnar for at ein kan gi samarbeidande personell opplysningar som elles er omfatta av teieplikta, når det er nødvendig for å ta vare på barna til pasienten, med mindre pasienten motset seg det. I spesialisthelsetenestelova (61) § 3-7a står det at alle helseinstitusjonar ”i nødvendig utstrekning” skal ha barneansvarleg personell. Dei barneansvarlege skal fremje og koordinere oppfølginga av mindreårige barn av psykisk sjuke, rusmiddelavhengige og alvorleg somatisk sjuke eller skadde pasientar. Sjå elles Helsedirektoratet sitt rundskriv Barn som pårørende IS -5/2010 (76).

Barn av foreldre med psykiske lidingar er utsette for sjølv å få psykiske problem, sjølv om dei fleste greier seg bra. Helsepersonell bør derfor snakke med personar som har bipolare lidingar, om barna deira og forhøyre seg om korleis dei har det. Ein bør spørje korleis ein kan leggje til rette for at barna kan utvikle seg og trivast, og ein bør ta stilling til kva informasjon barna treng om mor eller far si liding. Det er også viktig at ein veit kven som skal ta seg av barna dersom mor eller far treng innlegging.

Dei fleste pasientane ønskjer at helsepersonell snakkar med dei om barna sine, sjølv om det kan vere eit sårt tema. Endå dei ønskjer det beste for barna sine, vil mange vere redde for at dei ikkje strekk til som foreldre når dei sjølve slit med psykiske lidingar. Ein sakleg diskusjon om dette kan ofte vere til hjelp – både for dei som engstar seg utan god grunn, og for dei som faktisk slit med å ta vare på barna sine.

I samtalen er det viktig at ein støttar foreldra i det dei får til, og ikkje berre er oppteken av det som er vanskeleg. Når det er naturleg, bør helsepersonellet møte barna og informere dei om tilstanden og behandlinga til mor eller far. Helsepersonell skal også bidra til å dekkje det behovet for informasjon og nødvendig oppfølging som mindreårige barn av ein pasient med psykisk sjukdom har som følgje av far eller mor sin tilstand (76).

Det er gjort randomiserte studiar av kva effekt systematisk informasjon og/eller familiesamtalar har når ein av foreldra har ei stemningsliding (77). Ein fann god effekt på symptom og familiefunksjon. Vi viser elles til foreininga Voksne for barn, som arbeider med desse spørsmåla (www.voksneforbarn.no), og Helsedirektoratet sitt rundskriv IS-5/2010 (76).