2.3 Individuell plan

Vel data du ynskjer med i utskrifta
Tittel Versjon Status
IS-nr ISBN
Publiseringsdato
Utgjevar(e) Publikasjonstype
  • Norsk tittel - Nasjonal fagleg retningsline for utgreiing og behandling av bipolare lidingar
  • Engelsk tittel -
  • Versjon - 1
  • Status - Publisert
  • IS-nr - 1925
  • ISBN - 9788280812353
  • DOI -
  • Revisjonsdato -
  • Neste revisjon -
  • Publikasjonsdato - 12.12.2012
  • Utløpsdato -
  • Utgjevar(e) - Helsedirektoratet
  • Redaktør -
  • Publikasjonstype - Nasjonale retningslinjer

Alle som treng langvarige og koordinerte tenester, har rett på ein individuell plan (psykisk helsevernlova (64) § 4-1, Forskrift om habilitering og rehabilitering, individuell plan  og koordinator (74)). Sjå rettleiaren Helsedirektoratet har utarbeidd, Individuell plan – veileder til forskriften (IS-1253) (75).

Den individuelle planen skal vere ein overordna plan som mellom anna skal koordinere andre planar som er oppretta. Planen skal sikre brukarmedverknad, styrkje samarbeidet mellom helsetenestene og fordele ansvaret tydeleg. Intensjonen bak den individuelle planen er at måla og behova brukaren sjølv har, skal kartleggjast og vere utgangspunktet for tiltaka. Ein må derfor leggje til rette for at brukaren skal kunne delta aktivt i prosessen.

Brukaren skal alltid ha ein sentral rolle i sjølve planarbeidet, i gjennomføringa og i oppfølginga av ein individuell plan. Brukaren skal informerast om retten til å få ein individuell plan og kva ein slik plan er. Informasjonen er ikkje gitt før brukaren kan seie at han eller ho har fått og forstått han (74). Brukaren kan, om han eller ho ønskjer det, ta med seg nokon som støtte eller rådgivar i samarbeidet om planen. Brukaren kan også velje å ikkje delta i arbeidet eller få ein annan til å delta for seg.

Etter at planen er utarbeidd, bør ein vurdere mellom anna dette:

  • Er brukaren fornøgd?
  • Har brukaren fått moglegheit til å medverke?
  • Har tenestene blitt meir heilskaplege, betre koordinerte og meir individuelt tilpassa?
  • Er tiltaka tilpassa ressursane og behovet til brukaren?
  • Er samhandlinga mellom brukaren og fagpersonane, og mellom dei ulike fagpersonane, blitt betre?
  • Er det sett ein frist for å evaluere planen?


Dersom brukaren ikkje samtykkjer, skal ein ikkje lage nokon individuell plan. Brukaren har like fullt rett til eit individuelt tilpassa tilbod, og ein skal fremje samarbeid mellom tenesteytarar.