2.5 Kultursensitive tenester

Vel data du ynskjer med i utskrifta
Tittel Versjon Status
IS-nr ISBN
Publiseringsdato
Utgjevar(e) Publikasjonstype
  • Norsk tittel - Nasjonal fagleg retningsline for utgreiing og behandling av bipolare lidingar
  • Engelsk tittel -
  • Versjon - 1
  • Status - Publisert
  • IS-nr - 1925
  • ISBN - 9788280812353
  • DOI -
  • Revisjonsdato -
  • Neste revisjon -
  • Publikasjonsdato - 12.12.2012
  • Utløpsdato -
  • Utgjevar(e) - Helsedirektoratet
  • Redaktør -
  • Publikasjonstype - Nasjonale retningslinjer

Helsetenesta skal ikkje diskriminere nokon, men tilby tilpassa tenester til alle. Det er viktig å ha eit systematisk minoritetsperspektiv med kunnskap om vanlege reaksjonar på migrasjon, spesielle helseproblem mellom migrantar og korleis ein arbeider når ein bruker tolk. Det er også viktig å vere klar over at medisinering må tilpassast etnisk bakgrunn, og at minoritetspersonar kan ha ei anna hjelpesøkjande åtferd og oppfatting av lidinga enn majoritetspersonar.

Det kan vere nødvendig å organisere tenestene annleis for at dei skal bli tilgjengelege. Det kan hende det trengst kunnskap om kultursensitive testar, og om fleirkulturelt familie- og nettverksarbeid. Mental Helse har fleirkulturelle lag. Det finst også fagmiljø som arbeider med minoritetshelse, og som kan hjelpe helsetenesta med kompetanse, mellom anna Nasjonalt kompetansesenter for vold og traumatisk stress, regionale ressurssenter for vald og traumatisk stress og Nasjonalt kompetansesenter for minoritetshelse.