2.1 Samarbeid og medverknad

Vel data du ynskjer med i utskrifta
Tittel Versjon Status
IS-nr ISBN
Publiseringsdato
Utgjevar(e) Publikasjonstype
  • Norsk tittel - Nasjonal fagleg retningsline for utgreiing og behandling av bipolare lidingar
  • Engelsk tittel -
  • Versjon - 1
  • Status - Publisert
  • IS-nr - 1925
  • ISBN - 9788280812353
  • DOI -
  • Revisjonsdato -
  • Neste revisjon -
  • Publikasjonsdato - 12.12.2012
  • Utløpsdato -
  • Utgjevar(e) - Helsedirektoratet
  • Redaktør -
  • Publikasjonstype - Nasjonale retningslinjer

Behova og erfaringane til brukaren skal liggje til grunn når ein utformer tenestene. Personen har rett til sjølv å medverke i gjennomføringa av helsehjelpa (pasient- og brukarrettslova (63) § 3-1). Tenestene må leggje til rette for at personar med bipolare lidingar kan medverke til behandling av si eiga liding og bruke sine eigne ressursar for å meistre livet. Tiltaka skal byggje opp under eiga oppleving av meistring. Alle som har bipolare lidingar, må få informasjon om tenestetilbodet, behandlingsalternativa og kva vurderingar behandlaren gjer, slik at dei sjølve kan velje mellom dei ulike metodane som finst for undersøking og behandling, og medverke i eiga behandling. Dersom personen med bipolar liding er under 16 år, må også foreldra eller andre med foreldreansvar involverast (pasient- og brukarrettslova § 3-4).

Personar som oppfyller dei diagnostiske krava til bipolare lidingar, er enkelte gonger ueinige i at dei har ei psykisk liding, og dermed lite motiverte for å ta imot helsehjelp. Når lidinga er så uttalt at ho fell inn under omgrepet alvorleg sinnsliding, kan behandling utan eige samtykke vere aktuelt. Psykisk helsevernlova (64) kapittel Utgreiing og diagnostikk og Generelle behandlingsprinsipp har særskilde reglar for dette. Også når personen er underlagd tvunge psykisk helsevern, skal helsepersonell leggje til rette for at personen kan medverke til eiga behandling så langt det let seg gjere.