Forside  Særskilte pasientgrupper  

Særskilte pasientgrupper

10.5 Psykisk utviklingshemma

Vel data du ynskjer med i utskrifta
Tittel Versjon Status
IS-nr ISBN
Publiseringsdato
Utgjevar(e) Publikasjonstype
  • Norsk tittel - Nasjonal fagleg retningsline for utgreiing og behandling av bipolare lidingar
  • Engelsk tittel -
  • Versjon - 1
  • Status - Publisert
  • IS-nr - 1925
  • ISBN - 9788280812353
  • DOI -
  • Revisjonsdato -
  • Neste revisjon -
  • Publikasjonsdato - 12.12.2012
  • Utløpsdato -
  • Utgjevar(e) - Helsedirektoratet
  • Redaktør -
  • Publikasjonstype - Nasjonale retningslinjer

Ein bør mistenkje bipolar liding ved markerte åtferdsendringar hjå personar med utviklingshemming, særleg dersom ein ser humørsvingingar, angst og irritasjon. Ein må utelukke andre lidingar, også somatiske, og ein må kunne skilje symptoma frå personlegdomstrekka pasienten har.

Diagnostikk av bipolare lidingar hjå menneske med utviklingshemming er vanskeleg, fordi dei kan ha store problem med å formidle symptom. Dessutan er det symptomoverlapping mellom utviklingshemming og stemningslidingar, og symptoma kan vise seg på uvanleg måte (dette gjeld særleg for personar med meir alvorleg utviklingshemming og/eller autisme).

Nøyaktig diagnostikk krev informasjon frå komparentar, som pårørande eller miljøpersonale, fordi pasienten ofte ikkje har evne til å fortelje om problema. Diagnostiske kriterium kan vere lite pålitelege ved alvorleg utviklingshemming.

Depresjon

Kjernesymptoma på depresjon er patologisk nedsett stemningsleie, lite energi og manglande evne til å gle seg. Deprimerte personar med utviklingshemming er ofte irritable og aggressive, men også rastlause, sjølvdestruktive og innovervende (399). Som oftast legg ein først merkje til agitasjon. Etterpå kan ein sjå nedsett interesse, nedsett motorisk tempo og apati. Dette viser seg ved at personen treng meir hjelp til vanlege gjeremål. Søvnen er ofte forstyrra, men dette er vanskeleg å vurdere, sidan verken dei pårørande eller fagfolk kan vite sikkert korleis personen søv.

Mani

Ved maniske episodar er personen oftast sprudlande og eksaltert og har problem med å slappe av. Tankane er vidløftige og utan samanheng, og det er vanskeleg å konsentrere seg om kvardagslege oppgåver. Pengebruken aukar, og personen gløymer å ete og sove. Personen treng meir tilsyn og merksemd, også rundt grunnleggjande rutinar som toalettbesøk og hygiene. Ved hypomani kan ein sjå aggresjon, irritabilitet og sjølvdestruktivitet.

Det er vanleg å ha andre psykiske og somatiske lidingar i tillegg til bipolar liding. Desse lidingane kan også vere differensialdiagnosar til den bipolare lidinga. Det er viktig å identifisere somatiske sjukdomar som hjerneslag, hjernesvulst, urinvegsinfeksjonar og endokrine lidingar. Smerte (for eksempel tannverk) kan føre til irritabilitet og nedsett stemningsleie. Bipolar liding og ADHD kan vere samtidige lidingar hjå personar med utviklingshemming. Det kan vere vanskeleg å skilje desse frå kvarandre, sidan dei har overlappande symptom med stort behov for å prate, redusert konsentrasjonsevne, distraksjon, impulsivitet og overaktivitet. Medikamentelle biverknader kan feiltolkast som stemningslidingar.

Behandling

Personar med utviklingshemming og bipolar liding blir i utgangspunktet behandla som andre med same liding. Før ein startar behandling med medikament, er det tilrådd å gjere ein farmakogenetisk analyse av CYP-450-systemet med tanke på mutasjonar som kan verke inn på medikamentomsettinga. Dette kan hindre at ein unødvendig prøver ut medikament som gir stor fare for biverknader. Dosen bør trappast langsamt opp. Opptrappinga bør stoppe på så låg dose som mogleg. Ettersom desse pasientane ofte ikkje er i stand til å fortelje korleis dei opplever effekten av medikament, må personar med inngåande kjennskap til pasienten følgje nøye med på verknader og biverknader. Av same grunn bør ein jamleg måle serumkonsentrasjonar. Personar med hjerneorganiske avvik kan ha lågare terskel for biverknader av medikament, særleg benzodiazepin og antipsykotiske og antiepileptiske middel. Behandling med psykofarmaka kan svekkje dei kognitive funksjonane ytterlegare, og mange kan bli sløve og trøytte.

Miljøterapien bør vere føreseieleg og trygg med lågt nivå av expressed emotions. Miljøterapeutar må meistre terapeutisk samhandling med personar med utviklingshemming og bipolar liding og forstå kommunikasjonsstilen kvar enkelt har.