Forside  

3.1 Innleiing

Vel data du ynskjer med i utskrifta
Tittel Versjon Status
IS-nr ISBN
Publiseringsdato
Utgjevar(e) Publikasjonstype
  • Norsk tittel - Nasjonal fagleg retningsline for utgreiing og behandling av bipolare lidingar
  • Engelsk tittel -
  • Versjon - 1
  • Status - Publisert
  • IS-nr - 1925
  • ISBN - 9788280812353
  • DOI -
  • Revisjonsdato -
  • Neste revisjon -
  • Publikasjonsdato - 12.12.2012
  • Utløpsdato -
  • Utgjevar(e) - Helsedirektoratet
  • Redaktør -
  • Publikasjonstype - Nasjonale retningslinjer

Ein bipolar diagnose vil ofte føre til langvarig behandling. Bipolare lidingar bør derfor diagnostiserast i spesialisthelsetenesta.

Grundig utgreiing er ein føresetnad for god behandling. Utgreiinga bør ikkje avgrensast til sjukehistoria, men bør også omfatte dette:

  • dei sosiale forholda
  • tidlegare lidingar
  • somatisk helse
  • bruk av medikament og rusmiddel
  • psykiske lidingar i slekta
  • funksjonsnivå
  • aktuelle livshendingar
  • traumatiske livshendingar
  • kartlegging av personlegdomen
  • kva ressursar personen rår over


Ein må også leggje vekt på korleis pasienten sjølv opplever lidinga (78;79).
 
Det er vanskeleg å diagnostisere bipolare lidingar, og studiar tyder på at bipolare lidingar både er over- (80-82) og underdiagnostiserte (81;83;84). Deprimerte pasientar kan underslå eller gløyme tidlegare maniske eller hypomane episodar. Særleg kan tidlegare hypomane episodar forbli uoppdaga fordi pasienten sjølv ikkje opplevde dei som uttrykk for eit unormalt stemningsleie. Mange pasientar mister dessutan sjukdomsinnsikta når dei er oppstemde. Mange vil derfor bagatellisere hypomane og maniske episodar. Informasjon frå pårørande kan vere avgjerande for å få stilt rett diagnose.

Det kan vere vanskeleg å skilje mellom bipolare lidingar og ADHD, visse hjernesjukdomar, personlegdomsforstyrringar og biverknader av legemiddel som kan gi hypomane eller maniske symptom. Denne differensialdiagnostikken kan krevje spesialkompetanse.

Transkulturelle studiar tyder på at kva symptom ein har, til ein viss grad avheng av kulturen. Innhald i depressive vrangtankar, fokus på skuldkjensle og suicidalitet ser ut til å vere særleg påverkeleg av kultur. Psykomotorisk hemming er mindre kulturavhengig, likeins opplysningar om at pasientane som oftast har vore upåfallande før dei blei sjuke.