3.2 Kjenneteikn ved bipolare lidingar

Vel data du ynskjer med i utskrifta
Tittel Versjon Status
IS-nr ISBN
Publiseringsdato
Utgjevar(e) Publikasjonstype
  • Norsk tittel - Nasjonal fagleg retningsline for utgreiing og behandling av bipolare lidingar
  • Engelsk tittel -
  • Versjon - 1
  • Status - Publisert
  • IS-nr - 1925
  • ISBN - 9788280812353
  • DOI -
  • Revisjonsdato -
  • Neste revisjon -
  • Publikasjonsdato - 12.12.2012
  • Utløpsdato -
  • Utgjevar(e) - Helsedirektoratet
  • Redaktør -
  • Publikasjonstype - Nasjonale retningslinjer

Bipolare lidingar er psykiske lidingar kjenneteikna av éin eller fleire avgrensa episodar med utprega endring i stemningsleiet i form av heva, ekspansivt eller irritabelt stemningsleie eller overaktivitet. I tillegg vil dei aller fleste ha éin eller fleire episodar med klinisk depresjon. Det varierer mykje kor intense og langvarige dei oppstemde episodane er. Ved hypomani er dei oppstemde episodane forholdsvis milde og går ikkje i vesentleg grad ut over funksjonsnivået. Ved mani er dei oppstemde episodane så uttalte at dei i stor grad går ut over evna til å fungere i dagleglivet.

Bipolare lidingar er langvarige. Pasientane gjennomgår depresjon, hypomani, mani eller blanda episodar og har elles periodar med få symptom eller heilt symptomfrie periodar.

Kjenneteikn ved bipolare lidingar blant vaksne

Mani

Ved mani er stemningsleiet heva langt utover det som harmonerer med forholda, og i ein grad som gjer at funksjonsevna er nedsett. Tilstanden må vare i minst éi veke for at ein kan stille ein sikker diagnose, men det vil vanlegvis vere god grunn til å intervenere tidlegare. Personen kan vere oppstemd, men også irritabel og utflytande. Det psykomotoriske tempoet er auka. Ein ser det ved at personen er kjappare i rørslene, snakkar fortare og opplever at tankane flyr. Pasientane er vanlegvis pratsame, hektiske og oppjaga. Aktivitetsnivået stig, og åtferda kan bere preg av nedsett dømmekraft. Åtferda kan vere farleg og kritikklaus. Personen får mindre behov for søvn og kan vakne utkvilt etter berre nokre få timar. Sjølvtilliten stig, av og til grandiositet og overoptimisme. Taletrong er vanleg. Tankeflukt gjer det vanskeleg å halde merksemda fokusert over tid, og mange maniske personar blir svært distré. Manien kan ha psykotiske symptom i form av vrangtankar. Dei vil vanlegvis ha eit grandiost preg og dreier seg om at ein har spesielle evner eller kall eller er ein berømt og viktig person, men kan også dreie seg om mistru og forfølging. Ein kan også sjå formelle tankeforstyrringar der talen blir uforståeleg for andre. Hallusinasjonar kan vere til stades, oftast i form av at ein høyrer stemmer som snakkar til seg.

Hypomani

Ved hypomani har personen mange av dei symptoma på mani som er skildra over, men dei er mindre uttalte og gir mindre nedsett funksjonsevne. Det er aldri psykotiske symptom til stades. Personen er vanlegvis munter og omgjengeleg, pratsam og aktiv og kan vere abnormt  kontaktsøkjande og ha auka seksuell energi. Mange blir distré og får nedsett konsentrasjonsevne. Åtferda kan bli uforsiktig og uansvarleg. Fleirtalet av pasientane opplever seg ikkje som oppstemde, men vil som regel medgi at dei er meir aktive enn vanleg. Det er strid om kor lenge symptoma må vare for at dei skal kunne kvalifisere til hypomani. Dei gjeldande krava er at episoden må vare i minst fire dagar og vere meir uttalt enn ved syklotymi.

Depresjon

Ved depresjon har personen nedsett stemningsleie, men ved bipolare depresjonar er kjensla av å vere deprimert ofte mindre uttalt. Nokre av pasientane opplever seg ikkje som deprimerte og seier dette rett ut. Ofte har pasientane ei meir uttalt og smertefull oppleving av ikkje å kunne reagere kjenslemessig. Andre vanlege symptom er lite energi, å kjenne seg trist og motlaus og ha mindre glede og interesse av slikt som opptok ein før.

Samtidig er fleire andre symptom til stades. Dei vanlegaste er forstyrra søvn (anten mykje meir eller mykje mindre enn vanleg) og angst. Angstsymptom er vanleg, gjerne i form av rastløyse, angståtak og uforklarleg indre uro. Hjå nokre pasientar kan angsten dominere det kliniske biletet, slik at lidinga vert feildiagnostisert som ei angstliding.

Endra matlyst (anten sterkare eller mindre enn vanleg) er ofte til stades, i tillegg til nedsett evne til å konsentrere seg eller ta avgjersler, lite tiltakslyst og initiativ og nedsett sjølvtillit. Mange får skuldkjensle, døds- og sjølvmordstankar. Ein del blir også pessimistiske og opplever at dei ikkje strekk til. Stemningsleiet varierer lite frå dag til dag, blir i liten grad påverka av omstenda, men kan variere noko i løpet av døgnet ved at det blir lettare i løpet av kvelden. Enkelte pasientar får tydeleg endra psykomotorisk aktivering, slik at dei anten blir trege i tanke-, tale- og rørsleevna (retardasjon) eller kvilelaust aktive (agitasjon). Irritabilitet og somatiske symptom som smerter og parestesiar er vanleg.

Depresjonen kan vere av psykotisk grad. Det er då vanleg med vrangtankar om skuld, straff og fortaping, men auka mistru og vrangtankar om forfølging er heller ikkje uvanleg. Personen kan høyre stemmer som snakkar til seg, oftast i nedsetjande ordelag, utan at det er folk til stades.

Bipolare depresjonar er ofte kjenneteikna av eit såkalla ”somatisk syndrom”, som svarer til det som tidlegare blei kalla melankoli. Ved somatisk syndrom kjenner personen seg interesse- og gledeslaus, har få kjenslemessige reaksjonar på omverda, vaknar tidleg om morgonen, har uttalt tap av matlyst, vekt og seksuell lyst og har psykomotorisk agitasjon eller retardasjon. Ein del pasientar med bipolar depresjon kjem i kontakt med fastlege og somatiske avdelingar og framviser i første rekkje somatiske symptom. Migrene, plager frå mage og tarm eller parestesiar er vanleg, men ikkje diagnostisk.

Blanda episode

I blanda episodar har personen symptom på mani og depresjon samtidig, eller tilstanden vekslar raskt mellom desse ytterpunkta, frå dag til dag eller frå time til time. Det er forholdsvis vanleg at maniske personar har nedstemde trekk, gjerne i form av fortviling, angst og suicidalitet. Omvendt kan deprimerte personar ha oppjaga tempo, tankeflukt og talebehov. Blanda episodar kan vere vanskelege å handsame, og dei er forbundne med meir suicidalitet.

Undergrupper av bipolare lidingar

Ifølgje ICD-10 (4;5) skal F30-kategoriane (manisk episode) brukast dersom pasienten har den første hypomane eller maniske episoden utan at ein kjenner til tidlegare depressive episodar. Diagnosen skal endrast frå F30 til F31 dersom pasienten seinare får ein ny mani, hypomani, blanda episode eller depresjon.
Hjå over halvparten av pasientane debuterer den bipolare lidinga med éin eller fleire depressive episodar. Rett diagnose vil då vere F32 eller F33. Dersom pasienten seinare utviklar hypomani, mani eller blanda episode, skal diagnosen endrast til F31. Ein skil mellom bipolar liding type I og II. Skiljet er viktig både med omsyn til prognose og behandling.
Ved bipolar liding type I har personen hatt minst to episodar med forstyrra stemningsleie, og minst éin av dei må ha vore ein manisk eller blanda episode. Dei fleste har depressive episodar i tillegg, men enkelte personar har berre tilbakevendande maniar. Bipolar liding type I blir koda under F31.0–F31.7, avhengig av kva fase lidinga er i. Ved bipolar liding type II har personen hatt minst to episodar. Minst éin av dei må ha vore ein hypoman episode, men personen har aldri vore manisk. Dei fleste vil også ha tilbakevendande depressive episodar. Bipolar liding type II skal kodast som F31.8 uansett episode. Den aktuelle fasen kan ein likevel spesifisere i teksten (for eksempel F31.8 Bipolar liding type II i remisjon, hypoman episode eller moderat depressiv episode). Ein kallar det raskt vekslande bipolar liding (rapid cycling – høg episodefrekvens) når personen har hatt minst fire episodar i løpet av eitt år.
Mani og alvorlege depressive episodar kan gå saman med hallusinasjonar og vrangtankar. Psykotiske symptom kan svare til stemningsleiet (ved mani til dømes stordomstankar og hallusinasjonar om å vere eit overmenneske, ved depresjon til dømes vrangtankar om skuld, straff og fortaping eller klandrande høyrselshallusinasjonar) eller vere uavhengig av stemningsleiet (forfølgingstankar, nøytral tale som høyrselshallusinasjon).
Bipolar liding i remisjon (F31.7) blir brukt når personen over nokre månader ikkje har hatt nokon episode med forstyrra stemningsleie.

Kjenneteikn ved bipolare lidingar hjå barn og ungdom

Hovudprinsippa for utgreiinga og kjenneteikna på bipolare lidingar er stort sett like for barn, ungdom og vaksne. Nedanfor står det om forhold som gjeld spesielt for unge under 18 år.

I praksis er utgreiinga hjå barn og unge vanskeleg. Mange pasientar har eit omfattande problembilete og samtidige lidingar. I tråd med diagnostiske kriterium og tilrådingane ovanfor er det viktig at ein avklarar om det ligg føre avgrensa periodar med endring i stemningsleiet som kjem saman med fleire andre symptom på stemningsliding.

Mani

I ein manisk episode er det vanskeleg eller umogleg for barnet eller ungdomen å fungere på skulen. Dei fleste symptoma på mani er til stades hjå dei yngste. Dei vanlegaste symptoma er auka energi, å bli distré og taletrengd, irritabilitet og grandiositet. Dei fleste har heva stemningsleie, tankepress og mindre behov for søvn. Auka seksuell interesse ser ein berre hjå nokre få av dei yngste pasientane og er det symptomet på mani som er mest kjensleg for utviklingsnivå (85). Ein bør mistenkje heva stemningsleie og grandiositet når symptoma verkar upassande, er uvanlege for barnet eller ungdomen og kjem samtidig med andre symptom på mani, som mindre behov for søvn, kritikkløyse og overaktivitet. I praksis kan ein danne seg eit bilete av om symptoma er annleis enn slik barnet eller ungdommen vanlegvis oppfører seg i situasjonar med positiv affekt (for eksempel på julekvelden eller ferietur) (86).

Psykotiske symptom er vanlegare hjå barn og unge enn hjå vaksne (87).

Hypomani

I ein hypoman episode vil det vere mogleg å halde fram med daglege aktivitetar. Det er klare endringar frå den vanlege åtferda til barnet eller ungdomen, og desse er tydelege for foreldre, lærarar og vener.

Depresjon

Djupe depresjonar som begynner akutt og er prega av stor irritabilitet, kan vere ledd i ei bipolar liding. Andre viktige symptom er redusert energi, dårleg matlyst og forstyrra søvnmønster (88;89). Psykotiske symptom er vanlege. Samanlikna med barn og unge med unipolar depresjon, er dei med bipolar depresjon oftare aggressive og har andre samtidige lidingar, som åtferdsforstyrringar og angst (90;91). Mykje av tida vil dei unge ha depresjonssymptom som er for få eller for milde til å oppfylle diagnostiske krav til ein depressiv episode (92;93). Depresjon er vanlegare hjå tenåringar enn hjå barn som ikkje har nådd puberteten. Kunnskapen om depresjon som ledd i bipolare lidingar hjå barn og unge, er mangelfull.

Forløp og presentasjonsform

Ein har ikkje klarlagt i kva grad bipolare lidingar startar på ulik måte eller artar seg ulikt med omsyn til alder. Hjå ein god del barn og ungdom må ein rekne med at den første episoden er ein depresjon (94;95). Mange kan ha eit labilt stemningsleie frå barneåra av utan å ha ei bipolar liding, men eit tydeleg skilje i tilstanden ved byrjinga av ein episode styrkar sannsynet for at det dreiar seg om ei bipolar liding. Barn og ungdom har kanskje symptom over lengre periodar enn vaksne, oftare blanda episodar og fleire episodar i løpet av eit år (93). Irritabilitet er vanleg hjå unge med bipolar liding. Det er viktig å merkje seg at irritabilitet like gjerne kan vere teikn på depresjon som på mani.

Undergrupper av bipolare lidingar

Dei same diagnosekategoriane skal brukast hjå barn og ungdom som hjå vaksne. Når kriteria for bipolar liding elles er oppfylte, men episodane med manisymptom er kortare enn 4 dagar, bør ein bruke F 31.9 Uspesifisert bipolar liding og følgje nøye med på utviklinga. I praksis vil ein del barn og ungdom med bipolar liding få diagnosen Uspesifisert bipolar liding tidleg i forløpet. Mange barn og unge som får ein slik diagnose, vil oppfylle diagnostiske kriterium for bipolar liding type I eller II i løpet av nokre år (93).