3.5 Samtidige lidingar

Vel data du ynskjer med i utskrifta
Tittel Versjon Status
IS-nr ISBN
Publiseringsdato
Utgjevar(e) Publikasjonstype
  • Norsk tittel - Nasjonal fagleg retningsline for utgreiing og behandling av bipolare lidingar
  • Engelsk tittel -
  • Versjon - 1
  • Status - Publisert
  • IS-nr - 1925
  • ISBN - 9788280812353
  • DOI -
  • Revisjonsdato -
  • Neste revisjon -
  • Publikasjonsdato - 12.12.2012
  • Utløpsdato -
  • Utgjevar(e) - Helsedirektoratet
  • Redaktør -
  • Publikasjonstype - Nasjonale retningslinjer

Dei fleste som søkjer behandling for bipolare lidingar, har også andre psykiske eller somatiske lidingar samtidig. Slike lidingar vil verke inn på forløpet av lidinga og effekten av behandlinga, og det er derfor viktig at dei blir påviste ved somatiske undersøkingar og systematisk anamnese. Når ein person med bipolar liding også oppfyller diagnostiske kriterium for andre lidingar, tyder ikkje det automatisk at det ligg føre fleire ulike lidingar. Ein kan for eksempel utvikle angst- og tvangssymptom i forløpet av ein depressiv episode. Dersom desse symptoma forsvinn når depresjonen er over, er det neppe snakk om sjølvstendige lidingar, men heller symptom på den depressive episoden. Dersom lidingane er til stades uavhengig av kva fase den bipolare lidinga er i, står vi truleg overfor ekte samtidige lidingar. Førekomsten av samtidige lidingar er om lag den same for personar med bipolar liding type I og II (113;114), men bipolar liding type II kan i større grad vere forbunde med rusmiddelproblem.

Epidemiologiske studiar viser at personar med bipolare lidingar har auka førekomst av angstlidingar (generalisert angstliding, panikkangst, sosial angst, agorafobi), tvangslidingar, eteforstyrringar, personlegdomsforstyrringar og rusmiddelproblem (115–118). Barn og ungdom som har bipolare lidingar, har dessutan auka førekomst av ADHD, posttraumatisk stressforstyrring og åtferdsproblem (108). Åtferdsforstyrringar kan lett kamuflere den bipolare lidinga.Det kan vere særs vanskeleg å avgjere om det ligg føre ei bipolar liding, ei personlegdomsforstyrring eller begge lidingane samtidig, ettersom symptoma kan likne mykje. Ein bør vere tilbakehaldne med å diagnostisere personlegdomsforstyrringar under pågåande bipolare episodar dersom ein ikkje har sterke haldepunkt for at dei aktuelle problema også er til stades i symptomfrie periodar og pregar den vanlege veremåten til personen. Omvendt er det viktig å unngå at symptom på personlegdomsforstyrringar feilaktig blir tekne til inntekt for at det ligg føre ei bipolar liding. Ein bør alltid støtte seg på informasjon frå nærståande som har kjent personen i lang tid.

Det er usikkert om bipolare lidingar er hyppigare ved emosjonelt ustabil personlegdomsforstyrring, eller om det berre ser slik ut på grunn av overlappande diagnosekriterium eller at lidingane blir forveksla, særleg ved kroniske former for bipolar liding. Studiar kan tyde på at om lag 11 % av pasientane med emosjonelt ustabil personlegdomsforstyrring samtidig oppfyller kriteria for bipolar liding type I. Tilsvarande tal for bipolar liding type II er 8 % (119). Personar som får symptom på bipolare lidingar i ung alder, kan ha auka risiko for å få antisosial personlegdomsforstyrring (120). Det er uklart om det er høgare førekomst av andre personlegdomsforstyrringar ved bipolare lidingar.

Mange barn og unge oppfyller samtidig diagnostiske kriterium for bipolare lidingar og ADHD (108). Dette kan skuldast overlappande diagnostiske kriterium, men kan òg vere eit uttrykk for at dei er ekte samtidige lidingar. Meir enn halvparten av barn og unge med bipolar liding har minst éi samtidig liding. ADHD er vanlegast ved debut i barneåra, mens stoffmisbruk er vanleg ved debut i ungdomsåra (87).

Personar som har bipolare lidingar, har større førekomst av ein del somatiske sjukdomar og symptom enn gjennomsnittet av folket (121–123). Eksempel på slike sjukdomar er leversjukdom, takykardi, magesår, angina pectoris, magekatarr, høgt blodtrykk og artritt (124). For personar med bipolar liding type I er faren for å døy av hjarte- og karsjukdomar om lag dobbelt så høg som blant folket elles (18;125). Førekomsten av stoffskiftesjukdom og migrene er også høgare enn blant folket elles (126;127), og det same er overvekt, diabetes mellitus type II og metabolsk syndrom (128). Data for bipolar liding type II er langt meir usikre.

Den nøyaktige førekomsten av samtidige lidingar varierer mellom studiane. Klinikarar bør særleg hugse på å undersøkje om personar med bipolare lidingar også har:

  • angst- eller tvangslidingar
  • rusmiddelproblem (alkohol, sedativ, narkotika)
  • eteforstyrringar
  • personlegdomsforstyrringar
  • somatiske lidingar (plager frå mage og tarm, muskel- og skjelettsystemet, overvekt, diabetes, hjarte- og karsjukdom)
  • ADHD

Dei tilgjengelege studiane tyder på at personar som oppfyller diagnostiske kriterium for fleire lidingar, har tidlegare debut og eit meir komplisert forløp av den bipolare lidinga (114;129). Samtidige lidingar kan auke risikoen for sjølvmord (130) og reduserer livskvaliteten (131). Dei som har personlegdomsforstyrringar i tillegg til den bipolare lidinga, ser ut til å ha dårlegare effekt av alle former for behandling (129).