3.6 Sjølvmordsrisiko og behandling av suicidale personar

Vel data du ynskjer med i utskrifta
Tittel Versjon Status
IS-nr ISBN
Publiseringsdato
Utgjevar(e) Publikasjonstype
  • Norsk tittel - Nasjonal fagleg retningsline for utgreiing og behandling av bipolare lidingar
  • Engelsk tittel -
  • Versjon - 1
  • Status - Publisert
  • IS-nr - 1925
  • ISBN - 9788280812353
  • DOI -
  • Revisjonsdato -
  • Neste revisjon -
  • Publikasjonsdato - 12.12.2012
  • Utløpsdato -
  • Utgjevar(e) - Helsedirektoratet
  • Redaktør -
  • Publikasjonstype - Nasjonale retningslinjer

Alle personar som kjem i kontakt med psykisk helsevern, skal kartleggjast med omsyn til sjølvmordsrisiko (132). Kartlegginga inneber at ein spør personen om han eller ho har eller har hatt sjølvmordstankar eller sjølvmordsplanar, og om han eller ho nokon gong har prøvd å ta sjølvmord. Dersom kartlegginga fører til mistanke om sjølvmordsrisiko, skal personen følgjast opp ved at ein vurderer sjølvmordsrisikoen nærmare. Dette vil mellom anna gå ut på å vurdere den psykiske statusen, kjende risikofaktorar (depresjon, rusmiddelproblem, tidlegare sjølvmordsforsøk, sjølvmord i slekta, brot i relasjon, manglande nettverk, ærekrenking) og pågåande sjølvmordstankar eller -planar (132). Dersom ein finn at det er risiko for sjølvmord, skal det setjast i verk tiltak, og tilstanden skal vurderast på nytt med jamne mellomrom fram til ein vurderer det slik at faren er over.

Personar med bipolare lidingar som er suicidale, skal visast til innlegging når det er behov for det. Kompetent personell må ta stilling til om det er nødvendig med tilsyn eller fysiske sikringstiltak. Ved akutt sjølvmordsrisiko bør personen takast hand om på lukka avdeling (132).

Ved bipolare lidingar vil samtidige lidingar, framfor alt rusmiddelproblem og angstlidingar, kunne auke sjølvmordsfaren (133;134). Suicidale personar med bipolare lidingar treng både adekvat medikamentell behandling og tett psykoterapeutisk støtte (135;136). Litium motverkar suicidalitet og reduserer mortaliteten. Sjølvmord er særleg vanleg når lidinga debuterar tidleg (95).