Forside  

8. Vedlikehaldsbehandling

Vel data du ynskjer med i utskrifta
Tittel Versjon Status
IS-nr ISBN
Publiseringsdato
Utgjevar(e) Publikasjonstype
  • Norsk tittel - Nasjonal fagleg retningsline for utgreiing og behandling av bipolare lidingar
  • Engelsk tittel -
  • Versjon - 1
  • Status - Publisert
  • IS-nr - 1925
  • ISBN - 9788280812353
  • DOI -
  • Revisjonsdato -
  • Neste revisjon -
  • Publikasjonsdato - 12.12.2012
  • Utløpsdato -
  • Utgjevar(e) - Helsedirektoratet
  • Redaktør -
  • Publikasjonstype - Nasjonale retningslinjer

Målet for vedlikehaldsbehandlinga er å førebyggje nye episodar, lindre symptom som opptrer mellom episodane, normalisere funksjonsnivået og hindre komplikasjonar som rusmiddelproblem og sjølvmord. Vedlikehaldsbehandling er særleg aktuelt ved bipolar liding type I. Det er viktig å drøfte indikasjonen grundig med pasienten. Pasienten si eiga meining vil vege tungt, og det same gjer debutalderen og alvorsgraden til episodane.

Mange meiner at vedlikehaldsbehandlinga bør ta til så snart diagnosen er stilt og personen har kome seg over den akutte episoden. Vi vil tilrå at også personar med enkeltståande manisk episode (F30) blir informerte grundig om prognosen og behandlinga for bipolare lidingar og får tilbod om vedlikehaldsbehandling på lik linje med personar som har sikre bipolare lidingar.

Vedlikehaldsbehandlinga ved bipolare lidingar kan vere langvarig. Mange ekspertar tilrår livslang medikamentell profylakse, særleg ved bipolar liding type I. Ved bipolar liding type II vil utslaga av lidinga oftast vere mindre dramatiske og indikasjonen for langvarig behandling vil ikkje vere like sterk.

.