8.1 Behandling med legemiddel

Vel data du ynskjer med i utskrifta
Tittel Versjon Status
IS-nr ISBN
Publiseringsdato
Utgjevar(e) Publikasjonstype
  • Norsk tittel - Nasjonal fagleg retningsline for utgreiing og behandling av bipolare lidingar
  • Engelsk tittel -
  • Versjon - 1
  • Status - Publisert
  • IS-nr - 1925
  • ISBN - 9788280812353
  • DOI -
  • Revisjonsdato -
  • Neste revisjon -
  • Publikasjonsdato - 12.12.2012
  • Utløpsdato -
  • Utgjevar(e) - Helsedirektoratet
  • Redaktør -
  • Publikasjonstype - Nasjonale retningslinjer

Dersom behandlinga med legemiddel skal føre fram, må pasienten vere motivert og godt informert. Vi minner om dei generelle råda om behandling med legemiddel i avsnitt 4.7. Val av medikament bør skje etter at nytten og ulempene er vurdert individuelt. Når ein skal velje legemiddel, bør ein leggje vekt på om det er mani eller depresjon ein primært skal førebyggje.

Ved symptom eller teikn på at ein ny manisk episode er i ferd med å utvikle seg vil mange ha nytte av sjølv å administrere eit legemiddel som sikrar at ein søv godt og bremser utviklinga av mani. Ein låg dose antipsykotisk legemiddel er det vanlegaste. Kriseplanen bør skildre når og korleis slike middel skal nyttast.

Litium

Litteraturen etterlèt ingen tvil om den profylaktiske effekten litium har. Med nokre få unntak har litium vist seg å vere effektivt samanlikna med placebo og andre medikament. Dei eldste studiane (303–305) finn betre profylaktisk effekt mot nye maniske episodar enn depressive episodar. Ein metaanalyse av fem nyare studiar stadfestar dette inntrykket (306). Samanlikna med placebo gir litium ein relativ risiko på 0,65 for alle tilbakefall, ein relativ risiko på 0,62 for mani og 0,72 for nye depressive episodar.

Det er uklart om litium er betre som vedlikehaldsbehandling enn karbamazepin (260;307–310). Samanlikna med lamotrigin vernar litium betre mot mani, men dårlegare mot depresjon, i to store studiar (311). Det er ikkje påvist sikre forskjellar i effekt mellom litium og valproat (312–314), heller ikkje ved raskt vekslande bipolar liding (212). Litium og olanzapin vernar like godt mot depressive episodar, men olanzapin førebyggjer maniske episodar meir effektivt enn litium (315).

Litium kan kombinerast med andre middel. Å kombinere litium med olanzapin eller quetiapin gir betre effekt enn behandling med litium åleine (258;316).

Berre éin studie av barn og unge er gjennomførd der litium er samanlikna med valproat. Begge medikamenta hadde effekt, men ein fann ingen forskjell mellom dei (313). Studiar av ulike kombinasjonar av litium og andre medikament, som risperidon og valproat, verkar lovande, men gir ingen klare konklusjonar (270;317).

Antipsykotiske middel

Førstegenerasjons antipsykotiske middel bør ikkje brukast i vedlikehaldsbehandlinga. Dei er lite undersøkte, og to studiar greidde ikkje å påvise nokon effekt (318;319). Ein tredje studie fann godt vern mot mani, men kostnaden var fleire depresjonar enn ein såg i placebogruppa (320). Enkelte andregenerasjons antipsykotiske middel har dokumentert effekt i vedlikehaldsbehandlinga av bipolar liding type I, men vi veit foreløpig ikkje om alle midla i denne gruppa har effekt.

Olanzapin er eit effektivt middel i vedlikehaldsbehandlinga. Effekten av olanzapin åleine er stadfesta i studiar der ein har samanlikna olanzapin med valproat (321), litium (315) og placebo (322). Middelet er også samanlikna med placebo gitt som tillegg til litium eller valproat (316). Olanzapin vernar like godt mot depressive residiv som litium og betre mot maniar. Den profylaktiske effekten gjeld også ved raskt vekslande bipolar liding.

Quetiapin er undersøkt i fleire store studiar (258;323;324). I desse studiane fann ein betre effekt av quetiapin enn av placebo når midla blei kombinerte med litium eller valproat hjå pasientar med bipolar liding type I. Effekten var uttalt, også med tanke på å forhindre nye depressive episodar.

Aripiprazol er berre undersøkt som vedlikehaldsbehandling i ein studie (325;326). Aripiprazol verna betre mot nye maniske episodar enn placebo, men ikkje mot depresjon. Førekomsten av depresjon var låg i denne gruppa av pasientar.

Det er gjort få studiar blant barn, og desse gir heller ingen klare konklusjonar. Det er ikkje gjennomført randomiserte og kontrollerte studiar. Ukontrollerte studiar av vedlikehaldseffekt tyder på at det er effekt av risperidon og aripiprazol. Quetiapin og olanzapin har berre blitt undersøkt som akuttbehandling. Olanzapin er forbunde med betydelege biverknader, mellom anna kraftig vektauke (219).

Antikonvulsive middel

Effekten av valproat i vedlikehaldsbehandlinga er undersøkt i to placebokontrollerte studiar som gav uklare resultat (207;312). Valproat er samanlikna med olanzapin i ein studie (321) der olanzapin var noko betre mot manisymptom og hadde raskare effekt enn valproat. Den profylaktiske effekten av valproat er samanlikna med litium i to studiar som ikkje fann nokon forskjellar mellom preparata (313;314). Den eine studien (313) besto av deltakarar med både bipolar liding type I og II.

Det er ikkje gjennomført nokon tilfredsstillande placebokontrollerte studiar av karbamazepin i vedlikehaldsbehandlinga. I dei studiane som finst, har ein samanlikna effekten av litium og karbamazepin. Vi har gjort greie for desse studiane ovanfor i avsnittet om litium. Det er uklart om det er vesentlege forskjellar i effekt mellom midla, men litium kjem alt i alt best ut i samanlikningane. Enkelte av deltakarane i studiane hadde bipolar liding type II (327).

I to store studiar har ein undersøkt effekten av lamotrigin samanlikna med placebo og litium i vedlikehaldsbehandling over 18 månader ved bipolar liding type I (328;329). Lamotrigin og litium var signifikant betre enn placebo. Begge studiane konkluderte med at litium verna best mot mani og hypomani, og lamotrigin best mot depresjon. Forskjellane mellom preparata var ikkje statistisk signifikante. Ein prospektiv, placebokontrollert og randomisert studie ved raskt vekslande bipolar liding over seks månader fann effekt av lamotrigin berre på sekundære effektmål. Denne studien fann berre effekt ved bipolar liding type II.

Gabapentin og topiramat er ikkje undersøkte i vedlikehaldsbehandlinga av bipolare lidingar.

Ein studie over seks månader blant barn og unge fann ingen effekt av valproat samanlikna med placebo (287). Elles er det ikkje gjennomført kontrollerte langtidsstudiar av antikonvulsive middel hjå barn og ungdom. Ein open studie viste noko effekt av lamotrigin på maniske og depressive symptom (330).

Antidepressive middel

Bruken av antidepressive middel i vedlikehaldsbehandling er kontroversielt. Ein metaanalyse har vist at antidepressiva gitt som tillegg til såkalla stemningsstabilisatorar, fører til redusert fare for nye depressive episodar, men er også forbunde med auka fare for nye maniske episodar (331). Det er slik sett uklart om ein oppnår stort ved å bruke desse midla.

Trisykliske antidepressiva bør ikkje brukast som vedlikehaldsmedikament. I dei studiane som er gjennomførde (332;333), kunne ein ikkje påvise nokon betre profylaktisk effekt, men ein fann auka risiko for å uvikle mani hjå pasientar som blei randomiserte til imipramin. Venlafaksin er forbunde med større fare for å slå om til mani og hypomani enn bupropion, sertralin (242) og paroksetin (243), utan at denne risikoen er utjamna av betre antidepressiv effekt.

Det er ikkje ført bevis for at antidepressiva har effekt som monoterapi i vedlikehaldsbehandlinga av bipolar liding type II. Det er brei internasjonal einigheit om at ein bør unngå å bruke antidepressiva ved raskt vekslande bipolar liding, og ved blanda episodar.

Ingen studiar er gjennomførde blant barn eller unge.