8.2 Psykologisk behandling

Vel data du ynskjer med i utskrifta
Tittel Versjon Status
IS-nr ISBN
Publiseringsdato
Utgjevar(e) Publikasjonstype
  • Norsk tittel - Nasjonal fagleg retningsline for utgreiing og behandling av bipolare lidingar
  • Engelsk tittel -
  • Versjon - 1
  • Status - Publisert
  • IS-nr - 1925
  • ISBN - 9788280812353
  • DOI -
  • Revisjonsdato -
  • Neste revisjon -
  • Publikasjonsdato - 12.12.2012
  • Utløpsdato -
  • Utgjevar(e) - Helsedirektoratet
  • Redaktør -
  • Publikasjonstype - Nasjonale retningslinjer

I avsnitt 4.8 har vi oppsummert det vi veit om effekten av psykologisk behandling ved bipolare lidingar. Her skal vi kort presisere at langtidsforløpet blir påverka gunstig av fleire former for psykologisk behandling. Ein del ekspertar trur at den gunstige effekten kjem av betre medverknad til medikamentell behandling og tidlegare intervensjon ved teikn til tilbakefall.

Det er like fullt interessant å sjå at personar som får psykologisk behandling i den akutte depressive fasen, ser ut til å få eit betre forløp med lengre tid til neste tilbakefall (197). Det er også tankevekkjande at systematiske opplæringsprogram, også når dei blir gitt til pårørande (180), ser ut til å ha god effekt på forløpet.

Dei fleste menneske med bipolare lidingar vil i eitt eller anna tidsrom ha langvarig kontakt med spesialisthelsetenesta. Enkelte av dei vil få langvarig, strukturert psykologisk behandling. Dei terapiformene som er vitskapleg utprøvde, er tidsavgrensa og strekk seg aldri utover ni månader. Både ved kognitiv åtferdsterapi og interpersonleg og sosial rytmeterapi er det vanleg med vedlikehaldstimar med lange mellomrom, og den terapeutiske kontakten kan av og til strekkje seg over fleire år (198). Når han blir avvikla, er det viktig å leggje til rette for at pasienten lett kan oppnå ny kontakt når det trengst