Fysisk aktivitet og sunt kosthald påverkar både psykisk og fysisk helse (FHI)

Hos personar med psykiske lidingar kan fysisk aktivitet og andre helsefremmande tiltak betre livskvaliteten og redusere symptom på depresjon, viser ein studie frå Folkehelseinstituttet.
Fysisk aktivitet og sunt kosthald påverkar både psykisk og fysisk helse (FHI)
Ein ny studie kastar lys over helsefremmande tiltak ved depresjon, angstlidingar, schizofreni, bipolar liding og andre psykiske lidingar.. Ill.foto: Mostphoto.
Publisert 28. april 2020 | Sist oppdatert 06. oktober 2023

Samanlikna med den allmenne befolkninga har personar med psykiske lidingar omtrent dobbelt så stor risiko for død av alle årsaker. Tapte leveår har hovudsakleg samanheng med hjarte- og karsjukdommar, diabetes type 2, kreft og kols (kronisk obstruktiv lungesjukdom).

På oppdrag frå Kreftforeninga har forskarar ved Folkehelseinstituttet utarbeidd ei oversikt over forsking på helsefremmande tiltak hos personar som har depresjon, angstlidingar, schizofreni, bipolar liding eller andre psykiske lidingar.

Tiltaka vart gitt som individuell behandling, gruppebehandling eller via internett. Ulike tiltak var samanlikna med ingen behandling eller ulike behandlingsmetodar.

Betre livskvalitet og betring av symptom på depresjon

Eit av hovudfunna var at helsefremmande tiltak for å førebygge kroppslege sjukdommar kanskje gir betre livskvalitet og betring av symptom på depresjon.

– Derimot har vi ikkje funne forsking som viser om helsefremmande tiltak kan redusere sjukelegheit og dødelegheit hos personar med psykiske lidingar, seier Eva Denison, seniorforskar ved Folkehelseinstituttet.

Les meir: Fysisk aktivitet og sunt kosthald påverkar både psykisk og fysisk helse (FHI)

Rapporten: Helsefremmende tiltak for å forebygge somatiske sykdommer hos personer med psykiske lidelser. Oversikt over systematiske oversikter Dei helsefremmande tiltaka var hovudsakleg tiltak for å fremme sunt kosthald og fysisk aktivitet.

Artikkelen har tidligere vært publisert i nyhetsbloggen PsykNytt.

Les mer om depresjon og mani og kropp og sinn, eller gå til siste nummer av PsykNytt.