Blodkultur – prøvetaking

Utgitt av:
Helse Førde

Versjon:
1.0

Siste litteratursøk:

Helsepersonell prosedyren gjelder for:
Helsepersonell med opplæring i blodprøvetaking for blodkultur

Pasienter prosedyren gjelder for:
Pasientar med mistanke om sepsis, bakteriemi eller fungemi

Hensikt og omfang

Formålet med fagprosedyren er å sikre riktig framgangsmåte ved prøvetaking til blodkultur slik at kvaliteten på prøvematerialet blir bevart, og med dette unngå falske positive og falske negative blodkulturresultat.

Grunnlagsinformasjon

Blodkultur blir tatt for å bekrefte eller avkrefte om pasienten har bakteriar eller sopp i blodet. Eventuelle mikroorganismar vil vekse i dyrkingsmediet i blodkulturflaskene, og laboratoriet kan identifisere og resistensbestemme mikroorganismane. Prøven må takast aseptisk fordi forureining med bakteriar frå normalflora på huda vil gi oppvekst i kulturmediet.

Godt opplært og trena personale gir best kvalitet på prøvematerialet, og redusert risiko for kontaminasjon (1, 2, 3).

Fremgangsmåte

Kliniske opplysningar

Rekvirent må sørge for at relevante kliniske opplysningar som tentativ diagnose, mistenkt infeksjonsagens- eller fokus, mistanke om endokarditt, mistanke om systemisk soppinfeksjon, eventuell antibiotikabehandling og andre relevante opplysningar blir oppgitt. Følg lokale retningslinjer.

Prøvetakingstidspunkt og tal på prøvesett

Vanlegvis består ei blodkulturprøvetaking av to sett blodkulturflasker som kan takast samtidig, men frå separate venepunksjonar (2, 3, 4, 5). Eit sett består av ei aerob og ei anaerob flaske, i nokre tilfelle omfattar det også ei flaske for påvising av sopp. I tilfelle der det er vanskeleg å utføre to venepunksjonar kan alle blodkulturflasker fyllast frå ein venepunksjon. Tilstrekkeleg volum er viktigare enn talet på venepunksjonar (6). Følg lokale retningslinjer.

Prøvetaking ved febertoppar aukar ikkje sjansen for å påvise mikroorganismar (3, 5, 7).

Ved mistanke om endokarditt eller lavgradig infeksjon bør det takast tre blodkultursett i løpet av ein time før oppstart av behandling. Dersom behandlingsstart kan vente og blodkulturane er foreløpig negative blir det anbefalt å ta eit til to nye sett neste dag (8).

Tidleg oppdaging og behandling av sepsis er avgjerande for å redusere dødelegheit. Det er eit mål om å starte antibiotikabehandling innan 1 time etter mistanke om sepsis. Prøvetaking til blodkultur bør vere utført før antibiotikabehandling startar, dersom det ikkje forsinkar behandling (9).

Utstyr

  • Hanskar
  • Desinfeksjonsmiddel klorheksidinsprit (5 mg/ml). Obs. Kan vere toksisk for barn < 2 mnd
  • Veneprøvetakingssett
  • Ny kanylehaldar (10)
  • Reint staseband (10)
  • Blodkulturflasker. Fleire ulike system er tilgjengelege. Følg lokale retningslinjer.
  • Bomull eller kompress 
  • Tape
  • Etikettar med pasientidentitet
  • Boks for skjerande og stikkande avfall

Desinfeksjon av prøvetakingstad

Desinfiser prøvetakingstad med klorheksidinsprit (5 mg/ml) ( 2, 3, 4, 11, 12).

For barn < 2 mnd kan klorheksidinsprit vere toksisk (2, 13) – følg lokale retningslinjer.

Vent med prøvetaking til desinfeksjonsmiddelet er tørka, minimum 30 sekund (3).

Prøvetaking

  • Identifiser pasienten etter fagprosedyren «Pasientidentitet – sikring» (14).
  • Informer pasienten om prosedyren
  • Klargjer nødvendig utstyr:
    • Inspiser flaskene. Flasker som er blakka, utgått på dato eller der forseglinga er broten, skal ikkje brukast. Flaskene skal ha romtemperatur (15, 16).
    • For å få riktig volum kan ein sette eit merke på 10 mL-merket på blodkulturflaskene. Optimalt volum er viktig for sensitivitet og spesifisitet (2, 3, 5, 8). Flaskene har stort vakuum og stoppar ikkje fylling på 10 mL (15, 16).
  • Utfør handhygiene, og ta eventuelt på hanskar.
  • Fjern vernehettene og desinfiser toppen av blodkulturflaskene (2, 3).
  • Set på staseband, lokaliser egna stad for venepunksjon og løys stasen.
  • Desinfiser huda med klorheksidinsprit 5 mg/mL (2, 3, 4, 11, 12). Vent til desinfeksjonsmiddelet er tørt, minimum 30 sekund (3). Unngå palpering av innstikkstaden etter desinfeksjon.
  • Stram stasen og utfør venepunksjon, bruk veneprøvetakingsett.
  • Ta alltid blodkultur før eventuelle andre prøver. Overvak prosessen nøye for å unngå refluks av materiale frå blodkulturflaskene til pasient. Hold blodkulturflaskene lågare enn armen til pasienten, og unngå at blodkulturmediet kjem i kontakt med kanylen som har perforert flasketoppa under prøvetakinga (15, 16).
  • Fyll aerob flaske før anaerob flaske (4). Eventuell soppflaske blir fylt sist.
  • Straks blodet renn godt i prøverøret skal stasebandet løysast.
  • Fyll blodkulturflaskene til anbefalt volum. Ikkje ta hensyn til skum ved vurdering av fyllingsgrad.
  • Fjern blodkulturflaska før kanylen blir trekt ut. Hald ein kompress over punksjonstaden, ta ut kanylen og trykk deretter kompressen godt mot huda for å stoppe bløding.
  • Sikre kanylen med «eithandsgrep» og kasser.
  • Set tapen stramt over kompressen.
  • Merk prøverøra forsvarleg med Sett 1, Sett 2, pasientidentitet, dato/klokkeslett og eventuelt anna relevant informasjon. Ikkje dekk strekkoden på flaskene. Følg lokale retningslinjer.
  • Ta eventuelt av hanskane og utfør handhygiene.

Ved avvik frå prosedyren, for eksempel dersom ein må ta alle blodkultursett frå ein venepunksjon, er det viktig at det blir opplyst om dette på rekvisisjonen. Følg lokale retningslinjer.

Prøvetaking av barn

  • På små barn kan ein bruke spesielle barneflasker med volum på 1 - 4 ml. Flaskene kan trekke meir enn tilrådd, så ver obs slik at ein ikkje fyller for mykje blod i flaskene.  Volum er viktig for sensitivitet, også på prøver frå barn (17).
Tabell: Blodkultur volum for barn er basert på IDSA (Infectious Diseases Society of America)-guidelines (5) og norsk pediatriveileder (18)
Pasienten si vekt (kg) Blod volum (ml) første blodkultursett Blod volum (ml) andre blodkultursett
< 2 kg 1 – 2 ml -
2 – 13 kg 3 3
14 – 36 kg 10 10
>36 kg (som vaksne) 20 (aerob og anaerob flaske) 20 (aerob og anaerob flaske)
  • Ved vanskelig prøvetaking er volum viktigare enn talet på venepunksjonar. Når blodvolumet i ein venepunksjon er < 10 ml, kan den inokulerast i ei blodkulturflaske (5, 17).
  • Rekvirent må vurdere om anbefalt volum ikkje er medisinsk tilrådeleg. Følg lokale retningslinjer. 
  • Klorheksidinsprit kan vere toksisk for små barn, og skal brukast med forsiktigheit på barn < 2 mnd (2, 13). Følg lokale retningslinjer.
  • Hos barn har det sjeldan verdi å ta anaerob blodkultur (5), og anaerob flaske bør berre takast på særskilde indikasjonar.

Prøvetaking frå sentralt venekateter (SVK) og arteriekran

Det er ikkje anbefalt å ta blodkultur frå venekateter eller arteriekran, då dette gir auka risiko for kontaminasjon (1, 2, 3, 6, 19, 20).

Unntak er mistanke om kateterrelatert sepsis. Då kan ein ta eit sett frå SVK, og eit sett frå perifer vene. Desse prøvene skal takast på ca. same tidspunkt, og det er viktig å merke flaskene tydeleg slik at det framgår kvar prøven er tatt, samt å opplyse om dette på rekvisisjonen (4, 5, 6, 21). Ved fleirlumen kateter er det anbefalt å ta blodkultur frå alle lumen (22).

I nokre tilfelle kan det vere nødvendig å ta blodkultur frå SVK utan at det er mistanke om kateterrelatert sepsis. Dette gjeld særleg dersom det er svært vanskeleg å gjennomføre perifer prøvetaking. Det blir anbefalt å skifte treveiskran før slik prøvetaking (20). Anmerk på rekvisisjon at prøven er tatt frå SVK.

Antibiotikabehandling

  • Blodkultur bør primært takast før igangsetting av antibiotikabehandling (5, 7, 8).
  • Dersom det ikkje er mogleg å ta blodkultur før oppstart av antibiotika, kan det likevel vere viktig å ta blodkulturprøven så raskt som mogleg for å få hausta prøven før antibiotikakonsentrasjonen har rokke å stige/hatt verknad over tid.
  • Ved pågåande antibiotikabehandling bør blodkultur takast rett før ny dose, når konsentrasjonen av antibiotika er på det lågaste (22).

Oppbevaring og transport

Prøvene skal oppbevarast i romtemperatur (3) og bli levert til laboratoriet for inkubasjon så snart som mogleg. Viss ei forsinking ikkje er til å unngå, kan blodkulturflaskene bli oppbevarte i romtemperatur i opptil 24 timar før dei blir inkubert (15). Følg lokale retningslinjer.

Referanser

  1. Snyder SR, Favoretto AM, Baetz RA, Derzon JH, Madison BM, Mass D, Shaw CS, Layfield CD, Christenson RH, Liebow EB. Effectiveness of practices to reduce blood culture contamination: a Laboratory Medicine Best Practices systematic review and meta-analysis. Clin Biochem. 2012 sep 45(0): 999-1011.
  2. Prevention of blood culture contamination: Clinical practice guideline. Henta 2019-01-03.
  3. Garcia RA, Spitzer ED, Beaudry J, Beck C, Diblasi R, Gilleeny-Blabac M, Haugaard C, Heuschneider S, Kranz BP, McLean K, Morales KL, Owens S, Paciella ME, Torregrosa E.  Multidisciplinary team review of best practices for collection and handling of blood cultures to determine effective interventions for increasing the yield of true-positive bacteremias, reducing contamination, and eliminating false-positive central line-associated bloodstream infections Am J Infect Control. 2015 Nov;43(11):1222-37.
  4. Halm M, Hickson T, Stein D, Tanner M, VandeGraaf S. Blood cultures and central catheters: is the "easiest way" best practice? Am J Crit Care. 2011 Jul;20(4):335-8.
  5. Doern GV, Spelman D, Baron EL. Blood cultures for the detection of bacteremia. Uptodate (elektronisk artikkel) oktober 2018. (henta 2019-01-03) Tilgjengelig frå www.uptodate.com.
  6. Dargere S, Parienti J-J, Roupi E, Gancel P-E, Wiel E, Smaiti N, Joly L-M, Lemee L, Pestel-Caron M, du Cheyron D, Verdon R, Leclerq R, Cattoier V. Unique blood culture for diagnosis of bloodstream infections in emergency departments: a prospective multicentre study. Clin Microbiol Infect 2014 april;20:0920-0927.
  7. Rhodes A, Evans LE, Alhazzani W, Levy MM, Antonelli M, Ferrer R, Kumar A, Sevransky JE, Sprung C….. (m.fl) Surviving Sepsis Campaign: International Guidelines for Management of Sepsis and Septic Shock: 2016. Intensive Care Med. 2017 Mar;43(3):304-377.
  8. Helsedirektoratet. Nasjonal faglig retningslinje: Antibiotika I sykehus, 2018 (henta 2018-09-01).
  9. I trygge hender 24/7-Tidlig oppdagelse av sepsis. Oslo: Helsedirektoratet. (Henta 2018-09-01).
  10. Husøy AM, Mork SA, Halvorsen GH, Haugvik I, Mårstøl S. Blodprøvetaking – venøs. Bergen: Helse Bergen;2014 (Henta 2018-05-10).
  11. Maiwald M, Chan ES. The forgotten role of alcohol: a systematic review and meta-analysis of the clinical efficacy and perceived role of chlorhexidine in skinantisepsis PLoS One. 2012 (henta 2018-05-20) ;7(9):e44277.
  12. Caldeira D, David C, Sampaio C. Skin antiseptics in venous puncture-site disinfection for prevention of blood culture contamination: systematic review with meta-analysis  The Journal of hospital infection 2010 des; 77(3):223-32.
  13. Sundar Sathiyamurthy, Jayanta Banerjee, Sunit V Godambe Antiseptic use in the neonatal intensive care unit - a dilemma in clinical practice: An evidence based review. World J Clin Pediatr. 2016 May 8;5(2):159-71.
  14. Hartug s, Aas T, Sundal GA, Dyrdal K, Husøy AM, Nesje LB, Strønen B, Johannesen TK, Svendsby PO, Dalheim A. Pasientidentitet – sikring. Bergen: Helse Bergen;2016 (Henta 2018-05-10).
  15. BacT/ALERT pakningsvedlegg, ref 410852, Biomerieux, USA 2017.
  16. Bactec plus blodkulturflasker, pakningsvedlegg, Becton, Dickinson and Company, 2015.
  17. Dien Bard J, McElvania Tekippe E. Diagnosis of Bloodstream Infections in Children. JCM June 2016: s 1418 – 1424.
  18. Pediatriveileder, kap 3.1 Mikrobiologiske prøver.  Norsk Barnelegeforening. (Henta frå Helsebiblioteket 18.02.2020.)
  19. S. Dawson. Blood culture contaminents. Journal of Hospital Infection 2014 May;87(1):1-10
  20. Skogestad IJ, Bjørkhaug MH, Askjer T, Halvorsen JM, Langfoss L, Martinsen L, Hexeberg S, Normann BI, Arnesen C, Smestad JC. Sentralt venekateter(SVK)- blodprøvetaking fra sentralt venekateter. Oslo: Lovisenberg Diakonale Sykehus; 2016 (Henta 2018-05-10). 
  21. Redaktør Lassen J, redaktør Sandven P. Srategimøte nr 16 2002- Blodkultur. Oslo 2003 s.8-9.
  22. Chaves F, Garnacho-Montero J, Del Pozo JL, Bouza E, Capdevila JA, de Cueto M, Domínguez MÁ, Esteban J, Fernández-Hidalgo N, Fernández Sampedro M1, Fortún J, Guembe M, Lorente L, Paño JR, Ramírez P, Salavert M, Sánchez M, Vallés J. Diagnosis and treatment of catheter-related bloodstream infection: Clinical guidelines of the Spanish Society of Infectious Diseases and Clinical Microbiology and (SEIMC) and the Spanish Society of Spanish Society of Intensive and Critical Care Medicine and Coronary Units. Med Intensiva 2018;42:1-410.1016/j.medin.2017.12.009.

Utarbeidelse

Utgitt av:
Helse Førde

Godkjent av:Robin Andre Sørland, avdelingssjef, lab medisinsk biokjemi og blodbank.

Forfatter(e):
Helga Aasen Osvoll, overbioingeniør kvalitetsleiing, laboratorium medisinsk biokjemi og blodbank, Førde sentralsjukehus - Hilde Hegseth, laboratoriekonsulent/bioingeniør, Noklus Trøndelag - Mia Helen Hansen Hjelle, fagbioingeniør, preanalytisk seksjon, avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi, Haukeland Universitetssykehus - Lene Henriksen Holm, spesialbioingeniør, mikrobilogisk avdeling, Haukeland universitetssykehus - Bodil Pedersen, overbioingeniør blodkultur, avdeling for mikrobiologi og smittevern, Universitetet i Nord-Norge .

Vilkår for bruk

For at du som helsepersonell skal kunne bruke denne prosedyren, må den være godkjent i helseforetaket ditt. Dokumentene på Fagprosedyrer.no er utarbeidet av helsepersonell i helsetjenesten i Norge i deres arbeidstid. Vanlige regler for kildehenvisninger til dokumentene gjelder.

(/fagprosedyrer/ferdige/blodkultur-provetaking)