Brystkreft – Rosa sløyfeaksjon i oktober

No er månaden for Rosa sløyfeaksjon her. I år er det stor merksemd rundt betre overleving, tidleg diagnose og livet etter sjukdom.
Forfattere: Farmasøyt Åse Sofie Skjerdal og fysiolog Anne Hilde Røsvik
Fleire overlever meir enn 5 år etter sjukdom no. Sjå figur 1 frå registeret over årsaker til død.
Retningsliner og oppslagsverk
I Noreg er me er så heldige å ha eit handlingsprogram med retningsliner for diagnostikk og behandling av brystkreft. Det omhandlar både mammografi, undersøkingar, ulike behandlingar og ulike typar brystkreft. Dei fremste spesialistane i Norsk brystcancergruppe (NBCG) og Helsedirektoratet utarbeider handlingsprogrammet og oppdaterer ofte, slik at norske kvinner kan kjenne seg trygge på at retningslinene har vore gjennom ei oppdatering nyleg. Samstundes kan helsepersonell som behandlar kreftpasientane ynskje meir detaljert og djuptgåande informasjon. Difor kjøper Helsebiblioteket inn internasjonale oppslagsverk.
UpToDate har det mest komplette innhaldet for anamnese, utgreiing, behandling av alle typar brystkreft og generelle tema relatert til brystkreft.
BMJ Best Practice har fleire nyleg oppdaterte kapittel innan dei fleste tema på brystkreft.
Her er nokon av dei sentrale:
- Breast cancer in situ, BMJ Best Practice
- Metastatic breast cancer (MBC), BMJ Best Practice
- Primary invasive breast cancer, BMJ Best Practice
Pasientinformasjon
Det vert laga mykje god pasientinformasjon til kvinner som har og har hatt brystkreft. Kreftforeningen sel også rosa sløyfer til inntekt for saka.

Nye artiklar
Helsebiblioteket kjøper også tenesta Pyramidesøket og McMasters tilbod om å abonnere på artiklar frå tidsskrift som er kvalitetsvurderte på førehand. Om du nyttar Pyramidesøket vil du finne fleire nye interessante artiklar om til dømes temaet brystkreft;
- Quality of life after risk-reducing surgery for breast and ovarian cancer prevention: a systematic review and meta-analysis. Am J Obstet Gynecol. 2023 Oct;229(4):388-409.e4. doi: 10.1016/j.ajog.2023.03.045. Epub 2023 Apr 12. Review
- Platinum-based chemotherapy for early triple-negative breast cancer. Cochrane Database Syst Rev. 2023 Sep 8;9(9):CD014805. doi: 10.1002/14651858.CD014805.pub2. Review
What’s new in oncology; UpToDate har 13 nyheiter om studiar på brystkreft under What’s new seksjonen. Nyheitene inkluderer forsking på nye medikament, stråling, rekonstruksjon av bryst, samt lokal - , lokal avansert sjukdom og brystkreft med metastase. Det har vore publisert studiar med interessante funn om alle desse emna.
