Livmorhalskreft - informasjonskjelder til diagnostikk og behandling

Livmorhalskreft er relatert til humant papillomavirus (HPV). Helsebiblioteket har god informasjon på norsk og engelsk om førebygging, diagnostikk og behandling.

Livmorhalskreft - informasjonskjelder til diagnostikk og behandling
Publisert 30. januar 2024 | Sist oppdatert 30. januar 2024

Førebygging og diagnostikk

Alvorleg sjukdom kan førebyggast ved HPV-vaksinasjon, screening og behandling av høggradig dysplasi (celleforandringar).

Pasientar er vanlegvis asymptomatiske ved presentasjon, og screening er derfor svært viktig for å oppdage sjukdommen så tidleg som mogeleg.

I dag blir kvinner frå 25-33 år testa primært for HPV-viruset, i staden for at ein før berre såg på cellene frå livmorhalsen i eit mikroskop.

Behandling

Det er god prognose om sjukdommen blir oppdaga på eit tidleg, lokalt stadium. Dei viktigaste kjeldene for behandling er Helsedirektoratets nasjonale retningslinjer.

Helsebiblioteket har òg andre gode internasjonale oppslagsverk om førebygging, diagnostikk og behandling:

BMJ Best Practice

UpToDate (hvordan få tilgang til UpToDate?)

 

Kjelder