Ny kunnskap skal gi betre fødselsomsorg

For første gong gir Helsedirektoratet ut ei samla fagleg retningslinje for fødselsomsorga.

 

Ny kunnskap skal gi betre fødselsomsorg
Publisert 04. mars 2024 | Sist oppdatert 04. mars 2024

Anbefalingane er baserte på den nyaste forskinga og beste praksis nasjonalt og internasjonalt. 

Mykje av innhaldet er vidareført frå dei tidlegare normerande produkta. Men blant det som no er anbefalt i retningslinja, er at offentlege sjukehus kan tilby heimefødsel til fødande. 

Les meir om anbefalingane for fødselsomsorga på helsedirektoratet.no.