Prostatakreft - kan fleire overleve og kva er dei beste kjeldene for behandling?

Kreft i prostata er den nest vanlegaste krefttypen som fører til død hjå menn. Utviklinga har vore positiv dei siste åra med ein jamn nedgang, men så plutseleg i 2022 døydde fleire enn i 2021 av prostatakreft, kan me lese i rapporten «Dødsårsaker i Norge 2022» frå FHI.

Prostatakreft - kan fleire overleve og kva er dei beste kjeldene for behandling?
Foto: Colourbox
Åse Sofie Skjerdal og Anne Hilde Røsvik
Publisert 30. november 2023 | Sist oppdatert 30. november 2023

Det er mange menneske det gjeld: I Noreg får i underkant av 5500 menn diagnosen prostatakreft kvart år, og 973 menn døydde av sjukdomen i 2022. Det er færre enn av lungekreft (1194), men fleire enn av kreft i tjukktarm (783). Risikoen for å døy av prostatakreft før ein fyller 75 år er omlag 1 %. Nesten alle lever etter 5 år dersom sjukdomen blir oppdaga før han har spreitt seg. Prognosen er ikkje så god ved metastasar; 46,6 % ifylgje Kreftregisteret, men også her er det framsteg i metodar for behandling. Pasienten sin kunnskap om når ein skal oppsøkje lege, genetikk, god diagnostikk og behandling gjer at overlevinga er betre enn tidlegare.

Kan prostatakreft førebyggast?

Det er store skilnadar på førekomst av prostatakreft i verda. Me treng meir forsking på kva som kan redusere talet på nye tilfelle. Det finst noko dokumentasjon på korleis prostatakreft kan førebyggast, men kunnskapskjeldene er ikkje helt eintydige i kor sikker ein skal rekne dokumentasjonen for å vere. Dei norske nasjonale retningslinene tilråder å følgje dei vanlege råda for kosthald og fysisk aktivitet.

NHI.no nemner som positivt å ha eit kosthald rikt på fisk, frukt, grønsaker, lite kjøt, ikkje meir enn to einingar alkohol dagleg, unngå overvekt og halde seg i god fysisk form. Å unngå røyk blir framheva som viktig for å unngå død og residiv, men ikkje som direkte førebyggande.

UpToDate går grundigare til verks i kapittelet «Risk factors for prostate cancer». Alder er sjølvsagt ein risikofaktor, men ein må vel på generell basis verte glad for å bli eldre. I kapittelet vert positive og negative faktorar, samt kunnskapsgrunnlaget, grundig gjennomgått; som moglege positive effektar av tomatar, kaffi og soya, og negative effektar av høge inntak av vitamintilskot, kjøt, overvekt og ei rekke andre faktorar.

Diagnostikk og behandling

Helsebiblioteket har ei rekke gode kjelder til diagnostikk og behandling. I oppslagsverk og retningsliner kan du finne kapittel om utgreiing, anamnese, aktiv overvaking, kirurgi, stråling, kjemoterapi og annan medikamentell behandling. Under finn du lenker til både opne norske kjelder og engelskspråklege som me kjøper inn.

Fastlegen si rolle

Det nasjonale handlingsprogrammet med retningsliner for prostatakreft har eit eige kapittel om den rolla og dei oppgåvene fastlegen har i pakkeforløp, diagnostikk, overfor  pasientar i aktiv overvakingsprogram eller i aktiv behandling, rehabilitering, langtidsoppfylging, seineffektar og omsorg ved livets slutt.

Gode norske kjelder 

Under «Retningslinjer og veiledere» og nærare bestemt andrologi, finn du retningsliner for både prostatakreft og testikkelkreft, samt pakkeforløp for desse og pakkeforløp for peniskreft.

Det nasjonale handlingsprogrammet inneheld òg god og oversiktleg informasjon om blant anna klassifikasjon og "staging", utgreiing, kurativ behandling, metastatisk sjukdom, rehabilitering og palliasjon. Dei beskriv òg korleis aktiv overvaking kan vere eit godt alternativ om mannen har låg risiko, og korleis avtalen med fastlegen og opplegget rundt aktiv overvaking då må gjennomførast om det skal vere eit alternativ.

Andre gode norske kjelder er

Utgreiing og anamnese

Av kjeldene som Helsebiblioteket har kjøpt inn har UpToDate dei mest detaljerte kapittel om undersøkingar, vurdering av stadium, biletdiagnostikk, måling av PSA og tolking av verdiar, klinisk presentasjon og symptom: Clinical presentation and diagnosis, Radical prostatectomy for localized prostate cancer, Initial staging and evaluation of males with newly diagnosed prostate cancer, Measurement of prostate-specific antigen, Risk factors, Screening

Mann bilete prostatakreftCOLOURBOX46720916.jpg
Mann på veg inn i MR for scanning. Foto Colourbox

Behandling – lokal sjukdom og metastasar 

Treng du inngåande informasjon om legemiddel så har oppslagsverket Micromedex fleire funksjonar. Djuptgåande informasjon om bruk av legemiddel til ulike aldersgrupper, interaksjonar mellom ulike legemiddel, biverknadar og samanlikning av effekt mellom ulike legemiddel.

Micromedex prostatakreft.JPG
Micromedex har mykje informasjon om legemidler for pasientar med prostatakreft.

UpToDate har inngåande informasjon om kurativ behandling og går djupt inn i detaljar rundt utval av pasientar og type behandling til alle risikogrupper.  

BMJ Best Practice har også utfyllande informasjon om dei fleste tema rundt prostatakreft.

Ny kunnskap

Whats’s new, UpToDate

Nye studiar som er omtala  i Whats’s new i UpToDate, Oncology, genitourinary oncology

  • Enzalutamide and androgen deprivation therapy in prostate cancer with high-risk biochemical recurrence.
  • Talazoparib and enzalutamide in metastatic castrate-resistant prostate cancer.

McMaster Plus, kvalitetsvurderte studiar

I McMaster Plus kan du søkje etter kvalitetsvurderte studiar om legemiddel, stråling, kirurgi og sjukepleie ved prostatakreft. Det er fleire nye studiar som er publiserte i haust.