Arbeidstakarar blir utsette for seksuell trakassering av rusa kollegaer – stor variasjon i utbreiing i ulike bransjar i Noreg (FHI)

150 000 arbeidstakarar seier at dei har vorte utsette for seksuell trakassering av rusa arbeidskollegaer det siste året. Tilsette i politiet og forsvaret er særleg utsett. Det viser ein studie frå Folkehelseinstituttet.

Arbeidstakarar blir utsette for seksuell trakassering av rusa kollegaer – stor variasjon i utbreiing i ulike bransjar i Noreg (FHI)
Kunnskap om bransjeforskjellar kan vere nyttig når ein skal velje tiltak for å førebyggje trakassering. Ill.foto: Colourbox.
Publisert 12. desember 2023 | Sist oppdatert 11. desember 2023

Av 11 000 norske arbeidstakarar som vart spurde om dei hadde opplevd seksuell trakassering frå rusa arbeidskollegaer det siste året, svarte 6 prosent ja. Det svarer til rundt 150 000 arbeidstakarar. Andelen varierte frå 4 til 13 prosent i ulike bransjar (sjå Figur 1).

– Forsvar/politi/jus/vakt og turisme/hotell var bransjane som hadde høgast andel alkoholrelatert seksuell trakassering. I desse bransjane låg andelen på rundt 13 prosent, fortel Ingeborg Lund, seniorforskar ved Folkehelseinstituttet.

– Organisasjonsklima blir i aukande grad sett på som ein bidragsytar til seksuell trakassering på arbeidsplassen. Kunnskap om bransjeforskjellar kan derfor vere nyttig når ein skal velje tiltak for å førebyggje trakassering, seier Lund.

Les hele artikkelen: Arbeidstakarar blir utsette for seksuell trakassering av rusa kollegaer – stor variasjon i utbreiing i ulike bransjar i Noreg (FHI)