Depresjon kan vanskeleg forståast som ei enkeltståande liding (FHI)

Samsykelighet med andre psykiske lidingar var vanleg blant personar med depresjon, viser ny studie.

Depresjon kan vanskeleg forståast som ei enkeltståande liding (FHI)
Depresjon heng ofte saman med andre psykiske lidingar. Ill.foto: Colourbox.
Publisert 16. mai 2023 | Sist oppdatert 16. mai 2023

I eit skandinavisk samarbeidsprosjekt har norske, svenske og danske forskarar slått kreftene saman for å prøve å føreseie kven som kan utvikle alvorlege plager og problem ved depresjon.

Forskarane har publisert ein artikkel i Lancet Regional Health-Europe med brei oversikt over førekomst av depresjon og andre samtidige psykiske lidingar. Artikkelen beskriv også konsekvensar av depresjon, som alvorlege utfall og uførleik, og dessutan behandlingsforløp og grad av arvelighet. Det er første gong ein så omfattande oversiktsstudie har vorte gjennomført.

I dei tre landa fann forskarane relativt lik førekomst av depresjon diagnostisert i spesialisthelsetenesta, rundt 3 til 4 prosent av befolkninga. Ein større del av pasientane blir innlagde i Danmark enn i Sverige.

– Samsykelighet med andre psykiske lidingar var vanleg, noko som viser at depresjon vanskeleg kan forståast som ei enkeltståande liding, seier Marit Haram, spesialist i psykiatri og postdoktor ved Folkehelseinstituttet.

Andre psykiske lidingar diagnostisert i spesialisthelsetenesta, som angst, bipolar liding og ruslidingar, førekjem hyppig både før og etter depresjon. Blant dei som fekk oppfølging i spesialisthelsetenesta, hadde 9 til 25 prosent av personane som hadde ei anna psykisk liding fått ein depresjonsdiagnose innan 50-års alder. 15 til 44 prosent av personane som hadde depresjon, hadde fått ein angstdiagnose innan 50-års alder. Samsykelighet med angst fanst hyppigast i Sverige.

Funna kan tolkast som at depresjonsdiagnosen ofte ikkje er fullt ut beskrivande for kompleksiteten av plager som individ behandla for depresjon i spesialisthelsetenesta opplever.

Forskarane fann at depresjon var assosiert med fleire sjukedagar, trygdeytingar og lågare inntekt enn resten av befolkninga.

Les hele saken: Depresjon kan vanskeleg forståast som ei enkeltståande liding (FHI)