Færre psykiske problem blant idrettsungdomar (FHI)

Idrettsungdomar har færre psykiske problem enn andre ungdomar. Dei som konkurrerer i lagidrett har færrast, viser ny studie.
Færre psykiske problem blant idrettsungdomar (FHI)
Det er uklart om lagidrett fører til god psykisk helse eller om god psykisk helse fører til deltaking i lagidrett. Ill.foto: Colourbox.
Publisert 13. februar 2018 | Sist oppdatert 25. juli 2023

Ei forskargruppe frå Norges miljø- og biovitenskapelige universitet og Folkehelseinstituttet har studert samanhengen mellom den psykiske helsa til ungdom og deltaking i idrett. Studien er basert på ei spørreundersøking av 20 000 ungdomar i alderen 13 til 22 år. Gruppa sin konklusjon er at ungdomane som dreiv med konkurranseidrett (43 prosent av dei undersøkte) rapporterte om færre psykiske problem enn ungdom som dreiv med idrett utan konkurransar, eller ungdom som ikkje dreiv med idrett. Analysane til forskarane viste at nær 15 prosent av ungdomane som dreiv med konkurranseidrett hadde symptom på psykiske problem. Blant ungdom som dreiv med idrett, men som ikkje konkurrerte, hadde nær 19 prosent slike symptom. Blant ungdom som ikkje dreiv med idrett, var andelen 27 prosent.

– Tidlegare forsking har vist at fysisk aktivitet er bra for den psykiske helsa til ungdom. Også i studien vår fann vi ein samanheng mellom fysisk aktivitet og den psykiske helsa til norske ungdomar. Likevel kan vi ikkje konkludere med at det er den fysiske aktiviteten som har ført til betre psykiske helse, seier forskar Jocelyne Clench-Aas ved Folkehelseinstituttet. Ho fortel at det til dømes kan tenkjast at det i staden er god psykisk helse som gjer det meir sannsynleg at ein deltek i sportsaktivitetar. Dersom det er slik, kan det hende at ungdom med psykiske problem ikkje har motet, styrken eller evna til å verte med i konkurranseidrett. Difor meiner Aas det trengst ytterlegare forsking før ein heilt sikkert veit om det å delta i idrettsaktivitetar fører til betre psykisk helse.

Les meir: Færre psykiske problem blant idrettsungdomar (FHI)

Artikkelen har tidligere vært publisert i nyhetsbloggen PsykNytt.

Les mer om barn og ungdom, eller gå til siste nummer av PsykNytt.